Jan Vincents Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jan Vincents Johannessen (fødd 25. mai 1941) er ein norsk lækjar (dr.med.), professor i medisin og tidlegare administrerande direktør ved Radiumhospitalet. Johannessen kjem frå Kristiansand. Han har skrive svært mange vitskaplege og populærvitskapelege publikasjonar, hovudsakleg innanfor elektronmikroskopi, patologi og kreftforsking.

Kunsten å leve, med illustrasjonar av Jacob Weidemann og tekstar av Jan Vincents Johannessen, kom ut i 1993 og vart med 135 000 selde eksemplar den mest selde gåveboka i Noreg gjennom tidene. Boka kom ut i ei auka og omvølt utgåve i 2007. Johannessen har òg skrive songtekstar til m.a. Melodi Grand Prix og den norske teksten til «Somethin' Stupid» («Forelska») med Tor og Siren Endresen.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Johannessen har motteke ei rekkje utmerkingar for virket sitt.[1] Han vart i 2002 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Johannessen er kommandør av den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen, av den svenske Nordstjerneordenen, av den belgiske Kroneordenen og av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden. Han er offiser av Republikken Polens fortjenstorden og av Republikken Italias fortjenstorden.

I 1989 vart han heidra med Karl Evangs pris.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jan Vincents Johannessen», Nordic Light International Festival of Photography.
  2. «Karl Evangs pris 1989: Calle Almedal og Jan Vincents Johannessen», Helsetilsynet, 24. september 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]