Jan Werner Danielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Werner Danielsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1976
Nord-Odal kommune
Død

28. september 2006 (30 år)
Oslo

Yrke songar
Språk norsk, engelsk
Medlem av Bettan & Jan Werner

Jan Werner Danielsen (10. april 197629. september 2006) var ein norsk songar som opptredde under artistnamnet Jan Werner. Han vart særleg kjend for tolkingane sine av populære musikalslagerar.

Jan Werner voks opp i Nord-Odal og debuterte alt i 4-årsalderen, og fekk sin fyrste platekontrakt 12 år gammal. Mellom 1988 og 1993 song han jamleg med Hamar symfoniorkester. I 1992 fekk Jan Werner sin andre platekontrakt, og vart samtidig inkludert i planar for dei kulturelle hendingane som skulle finne stad under OL på Lillehammer i 1994.

I 1994 opptredde Danielsen under OL på Lillehammer og seinare talentkonkurransen TalentiadenNRK. Same år representerte han Noreg under den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix saman med Elisabeth Andreassen, der dei fekk ein sjetteplass.

Jan Werner Danielsen debuterte som plateartist i 1995 med albumet All By Myself, som selde til gull med 35 000 eksemplar. Inner Secrets, det andre albumet hans, kom to år seinare, i 1997. Det selde 14 000 eksemplar og inneheldt nokre sjølvskrivne komposisjonar. Det tredje albumet hans kom i 1999 med namnet Music of the Night. Likevel er det det fjerde og førebels siste albumet hans, Singer of Songs (2003), som er bestseljaren.

Elisabeth Andreassen og Jan Werner heldt fram med å samarbeide etter duetten under Melodi Grand Prix i 1994. Frå 1997 heldt dei julekonsertar. I 1999 gav dei ut eit album med musikk frå juleturneen.

Jan Werner Danielsen vart funnen død i leilegheita si i Oslo 29. september 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]