Jan and Dean
| Jan and Dean | |
| Opphav | Sør-California, USA |
| Sjanger | R&B, surferock, folkrock, sunshine pop, psykedelisk rock |
| Aktive år | 1958–2004 |
| Tilknytte artistar | Jan & Arnie The Beach Boys The Matadors Fantastic Baggys |
| Plateselskap | Arwin Dore Ripple Challenge Liberty J&D Record Co. Jan & Dean Columbia Warner Bros. Brer Bird White Whale |
Jan and Dean var ein musikkduo som starta i 1958. Jan and Dean bestod av to menn, William Jan Berry (1941-2004) og Dean Ormsby Torrence (f. 1940). Duoen gjorde mange surfesongar og den mest kjende av desse er «Surf City» frå 1963. The Beach Boys var sterkt påverka av Jan and Dean. På midten av 60-talet endra musikkstilen stilen seg og surfelåtane til Jan and Dean var ikkje like populære som tidlegare.
Duoen gav seg i 1966, men dette kom ikkje av den fallande populariteten. Jan Berry vart hardt skadd i ei bilulukke våren 1966, noko som er ironisk med tanke på at ein av dei mest kjende songane deira heiter «Dead Man's Curve». Han klarte seg trass små sjansar til å overleve, men det tok fleire år før han fekk normal tale igjen. Då Berry vart nokolunne frisk att, gav dei seg ut på turnear igjen som ikon frå den tidlege 60-talstida.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jan and Dean» frå Wikipedia på svensk, den 13. oktober 2009.