Janaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jana
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 238 000 km²
Lengd 872 km
Middelvassføring 1 000 /s
Munning Laptevhavet
Kart
Janaelva
71°32′14″N 136°39′11″E / 71.537222222222°N 136.65305555556°E / 71.537222222222; 136.65305555556
Wikimedia Commons: Yana River

Jana (russisk Я́на) er ei elv i Sakha i Russland. Elva er 872 km lang og har eit nedslagsfelt på 238 000 km².

Jana ligg mellom elvane Lena i vest og Indigirka i aust. Mederkna tilløpselva Sartang er ho 1492 km lang. Elva har ei middelvassføring på 150 m³/s ved Verkhojansk, og 1000 m³/s ved munningen.

Elva startar ved samløpet mellom elvane Sartang og Dulgalakh. Ved utløpet i Janabukta i Laptevhavet dannar Jana eit enormt delta på 10 200 km². Heile nedbørfeltet er under permafrost, og består for det meste av taiga som går over til tundra nord for ca 70 °N, sjølv om det finst tre på lune stader heilt nord til deltaet.

Dei viktigaste sideelvane er Adytsja, Oldzjo, Abyrabyt og Bytantaj. Store delar av elva er farbar. Jana frys til i oktober, og er islagt til i mai eller byrjinga av juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]