Janez Janša

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Janez Janša (2011)

Janez Janša, fødd Ivan Janša (fødd 17. september 1958 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia) er ein slovensk politikar. Han var statsminister i Slovenia frå 2004 til 2008 og igjen frå 2012 til 2013.

Janša vart først kjent i 1980-åra som forsvarsekspert for bladet Mladina, som opphavleg var organet til ungdomsavdelinga til det slovenske kommunistpartiet. I slutten av 1980-åra starta ein demokratiseringsprosess i Slovenia, og Mladina utnytta denne til å trykkja artiklar meir kritiske til det kommunistiske regimet enn det som før hadde vore mogleg. Janša stod bak ein serie artiklar kritiske mot den jugoslaviske hæren. I mai 1988 vart han arrestert, saman med tre andre, og stilt for retten i ein militær domstol tiltalt for å ha røpt militære løyndomar. Dei fire tiltalte vart dømde til fengselsstraffer på mellom seks månader og fire år.

I 1989 var Janša med på å stifta det første slovenske opposisjonspartiet, Den slovenske demokratiske unionen (Slovenska demokratična zveza - SDZ). Under det første frie valet i 1990 tok SDZ del i opposisjonskoalisjonen DEMOS (Demokratične Opozicijske Stranke - Dei demokratiske opposisjonspartia), som vann valet. Han vart forsvarsminister i Slovenia, ein posisjon han hadde under den slovenske sjølvstendekrigen i juni/juli 1991. Etter at SDZ vart splitta i 1992 vart han med i Slovenias sosialdemokratiske parti (Socialdemokratski stranki Slovenije - SDS) og heldt posten som forsvarsminister til mars 1994. Han måtte då gå av etter skuldingar om at han hadde misbrukt posisjonen sin. Han var igjen forsvarsminister frå juni 2000 til november 2000 i den kortvarige statsministerperioden til Andrej Bajuk.

I mai 1993 vart han leiar for SDS. Partiet vert rekna som eit sentrum-høgre parti og skifta i 2002 namn til Det slovenske demokratiske partiet (Slovenska demokratska stranka - SDS). Ved parlamentsvalet 3. oktober 2004 vart SDS det største partiet med 29,1 % av røystene. Den liberale regjeringa gjekk av, og Janša vart statsminister, 9. november 2004. Han sat i ein valperiode, til november 2008. Ved parlamentsvalet i 2011 vart SDS det nest største partiet, med 26,2 % av stemmene. Janša vart statsminister i ein koalisjon med tre mindre parti.

Regjeringa til Janez Janša vart styrta i 2013 då han vart skulda for korrupsjon i ein ny rapport.[1] Ei ny koalisjonsregjering vart danna, og den nye statsministeren vart Alenka Bratušek.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Janez Janša

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]