Jangle pop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jangle pop
Stilmessig opphav: Power pop, post-punk, folkrock, rock and roll
Kulturelt opphav: Midten av 1960-åra i USA/Storbritannia.
Gjenopptaking i midten av 1980-åra i USA
Typiske instrument: Standard trommesett - 12-strengs elektrisk gitar - semi-akustisk gitar - klaverinstrument - bassgitar - elektronisk orgel
Populær periode: Størst på midten og seint i 1980-åra
Avleidde former: Indie pop

Jangle pop er ein sjanger innan alternativ rock frå midten av 1980-åra som markerte ein tilbakegang til den ringande og klirrande gitarlyden og popmelodiane frå 1960-talsband som The Byrds, med elektrisk tolvstrengsgitarar og songstrukturar frå power pop. Jangle pop frå midten av 1980-åra var ein ikkje-kommersiell popbasert musikk med nokre innslag av folkrock. Mellom 1983 og 1987 nytta sørstatsband som R.E.M., Let's Active eller Tom Petty og ein undersjanger kalla «Paisley Underground» element frå psykedelisk musikk.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I 1964 nytta The Beatles den skranglande lyden i songar som «A Hard Day's Night», «What You're Doing» og versjonen deira av Buddy Holly sin «Words of Love», og dette inspirerte mange artistar til å nytte ein likande stil eller kjøpe seg ein 12-strengs Rickenbacker-gitar. The Byrds byrja å nytte liknande gitarar etter å ha sett Beatles spele i filmen A Hard Day's Night. Andre grupper som The Who (i den tidlege «Mod-tida»), The Beach Boys, The Hollies og Paul Revere & the Raiders heldt fram å nytte 12-strengs Rickenbacker-gitarar. The Byrds, som spelte ein stil som òg vart kalla folkrock, var dominert av Rickenbacker-gitaren til Roger McGuinn på mange av innspelingane deira.

Kvar omgrepet «jangle», som tyder «klirrande» eller «skramlande», kjem frå er usikkert. Det kan ha kome frå tekstlinja «In the jingle jangle morning, I'll come following you» frå The Byrds sin versjon av Bob Dylan-songen «Mr. Tamburin Man», eller det kan ha vore eit onomatopoietikon som syner til den ringande lyden frå dei øvre strengande til ein 12-strengs Rickenbacker-gitar. Jangle pop er knytt til powerpop-sjangeren som utvikla seg i 1960-åra, med band som Raspberries og Big Star, som låg i grenseland mellom dei to stilartane.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

«Jangle pop» var eit amerikansk post-punk-miljø i midten av 1980-åra som vendte attende 1960-talsstilen med ringande gitarar og popmelodiar. I 1979 debuterte gruppa Pylon frå Athens i Georgia med ein «kanta, drivande og skranglande popstil», som kom til å påverke andre band frå Athens i Georgia,[2] inkludert R.E.M. I New York City i denne perioden kan «jangle pop» nyttast til å skildre dei meir vanlege folkrockartistane Willie Nile, The Smithereens og The Floor Models,[3] som alle sprang ut frå klubbar i Greenwich Village som Folk City, Kenny's Castaways og The Bitter End, som mange av folkrockbanda på austkysten i 1960-åra hadde gjort. The Smithereens og Floor Models nytta særleg 12-strengs Rickenbacker-gitarar samt ein meir sjeldan Hagstrom 12-strengs elektrisk gitar.[4] Jangle pop-stilen var i røynda ein pop-stil med element av folkrock. All Music meiner det var ikkje-kommersiell musikk med tekstar som var gjort kryptiske og rå og amatøraktig produksjon. Mellom 1983 og 1987 dukka det opp band som R.E.M. og Let's Active, samt ein undersjanger kalla «Paisley Underground», som nytta element av psykedelisk musikk.[1] Ein artikkel i Blogcritics hevdar at utanom R.E.M., var det einaste andre jangle-pop-bandet som selde godt i Amerika the Bangles, frå Los Angeles. Dei var meir kjende for polerte hittar som «Manic Monday», men det første albumet deira var organisk jangle-pop i liknande stil som Byrds/Big Star.[5]

Jangle pop-aktig college rock tidleg i 1980-åra var til dømes dei tidlege albuma til R.E.M., The Feelies, Game Theory, The dB's, Let's Active, The Connells, Guadalcanal Diary, Marshall Crenshaw, 10,000 Maniacsog The Beat Farmers. I Austin i Texas vart uttrykket «New Sincerity» nytta laust på ei liknande gruppe band, leia av The Reivers, Wild Seeds and True Believers.[6] Sjølv om jangle pop var eit hovudsakleg amerikansk fenomen, vert òg band som australske The Church og britiske The Smiths og Aztec Camera rekna som jangle pop.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jangle Pop. Allmusic.com. Henta 12. desember 2011
  2. Pylon bio, Allmusic.com. Henta 12. desember 2011
  3. The Floor Models, Powerpop.blogspot.com. Henta 12. desember 2011
  4. Hagstrom 12-string elektrisk gitar, hagstrom.org.uk. Henta 12. desember 2011
  5. «Sunday Morning Playlist: Jangle Pop - Blogcritics Music». Blogcritics.org. http://blogcritics.org/archives/2005/07/24/175801.php. Henta 13. desember 2011. 
  6. "Stagestruck" (High Bias review of Wild Seeds, 1. okt. 2001), arkivertInternet Archive.
  7. Sullivan, Denise. «Jangle-Pop». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/explore/essay/jangle-pop-t730. Henta 13. des. 2011. 
  8. «Jangle Pop». Rhapsody. Rhapsody International. http://www.rhapsody.com/#/genre/alt-punk/indie-alternative/jangle-pop. Henta 13. des. 2011.