Janina Katz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janina Katz
Statsborgarskap Polen, Kongeriket Danmark
Fødd 2. mars 1939
Kraków
Død

18. oktober 2013 (74 år)
København

Yrke omsetjar, litteraturkritikar, barnebokforfattar, lyrikar, skribent

Janina Katz (fødd 2. mars 1939 i Krakow, død 18. oktober 2013 i København) var ein dansk forfattar, omsetjar og litteraturmeldar.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Janina Katz hadde polsk-jødiske foreldre i Krakow. Det katolske ekteparet Mary og Stephen Priestly frå Dobczyce tok henne til seg etter at ho tre år gamal vart smugla ut av Płaszów konsentrasjonsleir i Polen i 1943. Då hadde ho mista nesten heile familien sin. Ho vart først klar over at ho var jøde då ho som seksåring igjen kom saman med mora, som hadde overlevd 2. verdskrigen.

Som vaksen studerte ho polsk litteratur og sosiologi ved Universitet Jagielloński i Krakow. Deretter arbeidde ho i mange år som assistent ved Institutt for sosiologi og polsk filologi.

I 1969 forlet ho Polen saman med mor si. Med hennar eigne ord var hun på det tidspunktet «dødstrett av kommunismen», men dropen var den antisemittiske kampanjen som dominerte landet etter seksdagarskrigen i 1967.

Janina Katz flytta først til Tyskland, men alt etter eit år kom ho til Danmark. Der arbeidde ho som litteraturmeldar og omsette polsk skjønnlitteratur til dansk. I 13 år arbeidde ho på Det Kongelige Bibliotek. I tillegg arbeidde ho for polske eksiltidsskrift, for Radio Free Europe og seinare og for BBC.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte, 22 år etter at ho var komen til Danmark, som 52-åring, med diktsamlinga Min mors datter. Ho nådde å skapa eit stort dansk forfattarskap, som med eit fabulerande språkoverskot fortel om ein tung sjelebagasje, brota i tilværet og om draumar som ikkje vart realiserte.

Janina Katz skreiv for det meste på dansk trass at morsmålet hennar var polsk. Men i 2008 gav ho ut diktsamlinga Pisane po polsku, som ho seinare sjølv omsette til dansk og gav ut med tittelen Skrevet på polsk.

I 1998 fekk ho Beatriceprisen, frå 2002 fekk ho Statens Kunstfonds livsvarige ydelse. I 2012 vart ho innstilt til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga Skrevet på polsk.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Min moders datter, Brøndum 1991.
  • I mit drømmeland, Vindrose 1993.
  • Mit liv som barbar, Vindrose, roman 1993.
  • Heltens tykke kone og andre historier, Vindrose, noveller 1994.
  • Scener fra det virkelige liv, Vindrose 1995.
  • Putska, Vindrose, roman 1997.
  • Den glade jødinde og andre historier, Vindrose, noveller 1998.
  • Varme steder, Vindrose 1999.
  • Fortællinger til Abram, Vindrose, roman 2001.
  • Mit liv som syfiluter, børnebog 2001.
  • Det syvende barn, Vindrose 2002.
  • Landskabet det blev væk, Vindrose 2004.
  • Drengen fra dengang, Vindrose, roman 2005.
  • Min spaltede tunge, Vindrose 2006.
  • Længsel på bestilling, Vindrose, roman 2009.
  • Tilbage til æblerne, Vindrose 2010.
  • Skrevet på polsk, Rosinante 2011.
  • Endnu ikke allerede, Rosinante 2013.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Janina Katz omsette blant anna fire bind prosa og lyrikk av Zbigniew Herbert, fire diktsamlingar av Ewa Lipska, to diktsamlingar av nobelprisvinnaren Wisława Szymborska, eit bind av Czesław Miłosz og Tadeusz Różewicz, dramatikk av Sławomir Mrożek og prosa av Tadeusz Konwicki og Kazimierz Brandys.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Statens Kunstfonds pris for årets beste roman: Mit liv som barbar, 1993.
  • Drassows Legat, 1998.
  • Beatriceprisen (Det danske Akademi), 1999.
  • Statens Kunstfonds livsvarige ydelse, 2002.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]