Janne Sjelmo Nordås
Janne Sjelmo Nordås (fødd 11. mai 1964 i Hattfjelldal, Nordland) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho vart i 2009 valt inn på Stortinget og er der medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.
Biografi [endre]
Nordås har yrkesbakgrunn som servitør, gardbrukar, etablerar, butikkavdelingsleiar før ho vart politikar på heiltid. Ho har studert informasjonsleiing og kommunal økonomi og leiing.
Ho har vore medlem av fylkestinget i Nordland sidan 1999, og er leiar i Nordland Senterparti. Nordås var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–2009, og er medlem av Landsdelsutvalet for Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Ho var medlem i Hattfjelldal kommunestyre i perioden 1995-2003.
Nordås vart i oktober 2007 medlem av fylkesrådet i Nordland, med ansvar for næringssaker, men vart etter berre tre veker i vervet utnemnt som statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet noko ho var til 1. oktober 2009 etter at ho 14. september 2009 vart valt inn på Stortinget på 7. mandat frå Nordland.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Kommunal- og regionaldepartementet: Janne Sjelmo Nordås er ny statssekretær (2. november 2007)
- Stortinget.no: Biografi