Janne Stefansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Janne Reidar Stefansson (fødd 19. mars 1935) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Transtrand. Han vann VM-sølv på tremila i 1962, og var med på Sveriges lag som vann OL-gull på 4x10 km stafett i 1964.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stefansson debuterte i dei internasjonale meisterskapa med ein ellevteplass på 30 km i ski-VM 1958 i Lahti. To år seinare deltok han under vinter-OL 1960 i Squaw Valley og vart nummer sju på 15 km, samt gjekk andreetappen for Sverige som kom på fjerdeplass i 4x10 km stafett.

Under verdsmeisterskapen i Zakopane i 1962 kniva Stefansson med Eero Mäntyranta frå Finland om sigeren, men med tida 1.52.49 var Stefansson ti sekundar bak den finske verdsmeisteren i mål. Seinare i meisterskapen vart Stefansson nummer seks både på 15 km og 50 km.

To år seinare, under vinter-OL 1964 i Innsbruck, deltok Stefansson i alle dei fire langrennstevlingane for menn. Han starta med å verte nummer fire på 30 km, deretter kom han på femteplassen på 15 km. På stafetten over 4x10 km gjekk han tredejeetappen på Sveriges sigerrike lag som elles bestod av Karl-Åke Asph, Sixten Jernberg og ankermannen Assar Rönnlund. Til siste vart Stefansson nummer fire på femmila, 6,2 sekundar bak bronsemannen Arto Tiainen frå Finland. I 1966 gjekk Stefansson sitt siste VM-løp då han vart nummer 18 på 15 km i verdsmeisterskapen i Oslo.

Stefansson vann Vasaloppet sju gongar. Han vann fem år på rad, 1962-66, og i 1968 og 1969. I 1967 vart han nummer to etter Assar Rönnlund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar