Jantra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jantra
Jantra renn gjennom Veliko Tarnovo
Jantra renn gjennom Veliko Tarnovo
Utspring Sentralt i Balkanfjella
- Høgd 1 340 m
Munning Donau, nær Svisjtov
Land i nedslagsfelt Bulgaria
Lengd 285 km
Nedslagsfelt 7 862 km²

Jantra (bulgarsk Янтра) er ei elv nord i Bulgaria, og ei av sideelvane til Donau frå høgre. Ho er 285 km (den tredje lengste sideelva til Donau i Bulgaria), og har eit nedslagsfelt på 7 862 km².

Jantra har sitt utspring ved den nordlege foten av fjellet Hadzji Dimitar i sentrale område av Balkanfjella i ei høgd på 1 340 meter. Den øvre delen av elva vert ofte kalla Etar (Етър), det gamle namnet på elva. Elva munnar ut i Donau nær Svisjtov.

Ein finn mange juv langs elva, og det største ligg nær Veliko Tarnovo og har ei lengd på 7 km, sjølv om det eigentleg er dobbelt så langt på grunn av alle svingane elva gjer i området.

Av byar langs elva finn ein Gabrovo, Veliko Tarnovo, Gorna Orjahovitsa, Polski Trambesj og Bjala, nær den vidkjende brua Belenski most over Jantra.