Japanese Antarctic Research Expedition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Japanese Antarctic Research Expedition (JARE) var ei rekkje japansk ekspedisjonar til Antarktis. Under ekspedisjonane vart det oppretta ei rekkje forskingsstasjonar.

Den første ekspedisjonen oppretta Syowa Station i januar 1957 på Aust-Ongul i Luzow-Holmbukta i Dronning Maud Land. Dei utførte fleire flyturar over området og namngav fleire detaljar i terrenget her. Nokre av desse namna har sidan vorte omsette til norsk, men fleire av detaljane her har framleis japanske namn.

Mizuho Station vart oppretta i juli 1970 inne på innlandsisen, kring 270 km søraust for Syowa. Denne stasjonen vart lukka i 1987.

I desember 1984 vart Asuka Station oppretta på isdekket nord for Sør-Rondane. Dome Fuji Station vart oppretta i 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]