Japanpapir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av japanpapir brukt til ukiyo-e.

Japanpapir, japansk washi (和紙), også kalla wagami, er ein type handlaga klutepapir som kjem frå Japan. Det er feilaktig blitt kalla rispapir i mange vestlege land. Japanpapir er ofte veldig tjukt, og kan ha ei lett gul- og silkeliknande overflate. Japanpapir er veldig haldbart og kan vere sterkt som pergament. Det slitesterke washi-papiret har fibrar basert på baststavane ein finn i kozo (broussonetia papyrifera – papirmorbærtre), mitsumata (Edgeworthia papyrifera – japansk papyrusbusk) og bark frå ganpi (Diplomorpha sikokiana). Forutan desse er også hamp, bambus, kveite, ris og nokre andre plantefibrar brukt i spesielle tilfelle.

Japanpapir i ulike fargar.

Papir er ein viktig del av japansk kultur og washi vert brukt i alt frå arkitektur og kunst (ukiyoe), til daglegdagse produkt som klede og leiker (origami og lakkarbeid). Japanpapir har blitt brukt i Europa sidan slutninga av 1800-talet til kunstgrafikk og bibliofilutgåver av kunstnarisk illustrerte bøker. Japanpapir vert i dag nytta i arkiv- og museumssamanheng i samband med papirkonservering og som mellomleggspapir for grafikk, teikningar og arkivalia.


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Japanpapir