Japanske stavvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jodo, shinto muso ryu. Jo mot träsvärd, bokken.

Japanske stavvåpen er eit oversyn over stavvåpen brukt i kampaktivitetar i japansk tradisjon.

Innhaldsliste

Bo[endre | endre wikiteksten]

Bo

eller bostav (棒: ぼう, bō) er ein lang stav som vanlegvis er av bambus eller kviteik. Staven er gjerne rundt 180 centimeter lang,

Bostav blir brukt både i kampaktivitetar frå dei japanske hovudøyane og i former frå Okinawa. Den kortare jo-staven likner på boen.

Hanbo[endre | endre wikiteksten]

Hanbo betyr 'halvstav' og er halvparten så lang som ein bo, rundt 90 centimeter. Elles er stavane nokså like.

Jo[endre | endre wikiteksten]

To jo-stavar av kinesisk rødeik i ulike tjukkleikar.

(杖:じょう, jō) er ein om lag 128 cm lang trestav, i nokre kampartar tilpassa kroppshøgda til brukaren.

Joen gjev ei lengre rekkevidde enn andre handhaldne våpen. Ein kan nytta begge endane som stikk- eller slagvåpen, eller bruka joen til å slå unna våpenet til motstandaren.

Kampforma der ein spesialiserer seg i å nytta jo mot sverd blir kalla jodo. Innan mange former av aikido trenar ein med jo; ofta er dette ei opplæring kalla aiki-jo som skal utvikla aikidoutøvaren vidare, heller enn at han skal læra seg å slost med jo.

Soga fortel at joen blei funne opp av Muso Gonnosuke då han utkjempa tvikamp mot samuraien Miyamoto Musashi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]