Jared Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jared Diamond
Jared diamond.jpg
Nasjonalitet USA-amerikansk
Fødd 10. september 1937, Boston
Yrke Professor i geografi ved UCLA, forfattar
Tema Evolusjonær biologi
Naturvern
Geografi
Antropologi
Ornitologi
Lingvistikk
Påverka Fleire av bøkene hans vert brukt i historiestudium. Ein kjendt figur i akademia.
Periode 1972-


Jared Mason Diamond (fødd 10. september 1937) er ein amerikansk evolusjonsbiolog, fysiolog, biogeograf, forelesar og forfattar av sakprosa. Diamond er tilsett som professor i geografi og fysiologi ved UCLA. Han er best kjent som forfattaren av boka Guns, Germs, and Steel (1998), som vann Pulitzerprisen og Phi Beta Kappa Award in Science. Han fekk National Medal of Science i 1999.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Diamond var fødd i Boston og er av polsk-jødisk opphav. Faren var lege og mora var lærar, lingvist og musikar. Han gjekk på Roxbury Latin School, tok ein bachelorgrad frå Harvard College i 1958 og ein doktorgrad i fysiologi og membran biofysikk frå Universitetet i Cambridge i 1961. I perioden 1962-1966 kom han tilbake til Harvard som ein spesielt utvald forskar, kalla Junior Fellow. Han vart professor i fysiologi ved UCLA Medical School i 1966.

Diamon starta på ein annan, parallell karriere i økologi og evolusjon av nyguineanske fuglar, mens han var i tjueåra. Sidan den tid har han leia fleire turar for å utforske Ny-Guinea og øyer i nærleiken. I femtiåra sette Diamond gradvis i gang sin tredje karriere, no i miljøhistorie, og vart professor i geografi og miljømessig helsevitskap ved UCLA. Dette er den stillinga han no har.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Diamond er forfattar av forskjellige populærvitskaplege arbeid som kombinerer antropologi, biologi, økologi, lingvistikk, genetikk og historie.

Det best kjende arbeidet er Guns, Germs, and Steel (1998) som vann pulitzerprisen. Den slår fast at dei største internasjonale problema i vår tid er arva ifrå prosessar som starta i tidleg moderne tid. Då sivilisasjonar med ei større utvikling enn andre starta å bryte seg inn på mindre teknologisk avanserte sivilisasjonar rundt i verda. Diamond har her sett seg føre å forklare korfor eurasiatiske sivilisasjonar overlevde og erobra andre, mens han søkte å vise at desse sivilisasjonane ikkje var betre på noko anna enn eit teknologisk og maktmessig plan. Diamond meiner gapet i makt og teknologi imellom menneskelege samfunn, kjem frå miljømessige forskjellar, forsterka igjennom 'positive feedback loops'. Intellektuelt, genetisk og moralsk er det for Diamond liten forskjell. Han identifiserer hovudprosessar og faktorar i utviklinga av sivilisasjonar i Eurasia, frå opphavet i Afrika til oppblomstringa av jordbruk og teknologi.

Den neste boka til Diamond var Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed (2005), der Diamond såg på ei rekkje av fortida sine sivilisasjonar og samfunn. Han forsøkte å identifisere korfor dei gjekk under og berre overlevde i sterkt redusert form. Han funderer på kva dagens samfunn kan lære ifrå desse kollapsane. Som i Guns, Germs, and Steel argumenterer han imot etnosentriske forklaringar for kollapsen han diskuterer, og fokuserer i staden på økologiske faktorar. Særleg vert dei norrøne busettingane på Grønland gjeve mykje rom. Her gjekk den norrøne kulturen vekk, mens inuittane overlevde og treivst.

Collapse har kapittel om mellom anna undergangen til Mayariket og Anasazi-sivilisasjonane på Påskeøya. Fleire faktorar som driv fram ein slik kollaps vert omtalte, mens ein hovudfaktor vert skilt ut; feilstyring av naturressursar. Dette vert følgd opp med kapittel om rike sivilisasjonar som styrte ressursgrunnlaget sitt godt, som Japan under Tokugawa-shogunatet og Tikopia.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Forskjellige artiklar[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Forskjellig[endre | endre wikiteksten]

  • Diamond kan eitt dusin språk, lista her etter når han lærte dei: engelsk, latin, fransk, gresk, tysk, spansk, russisk, finsk, fore (eitt nyguineansk språk), tok pisin, indonesisk og italiensk.
  • Diamond sine bøker går inn på felt so forskjellig som molekylær biologi, lingvistikk, fysiologi og arkeologi, so vel som viten om design av skrivemaskiner og det føydale Japan. På grunn av denne vide ekspertisen og den store produksjonen av artiklar han har, har zoologen Mark Ridley spøkt om at Jared Diamond eigentleg er ein komite og ingen verkeleg person.
  • Tastaturoppsettet Dvorak eksisterer også i norsk versjon og kan installerast ifrå nettet. Det vanlege oppsettet som vert levert med maskinene i dag er kjend som qwerty.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jared Diamond

Intervju[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på dei «engelske» og «tyske» wikipediasidene, den 15. oktober 2008.