Jarle Aarbakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarle Aarbakke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1942 (81 år)
Yrke farmakolog, professor, forskar, politikar
Språk norsk
Jarle Aarbakke på Commons

Jarle Aarbakke (fødd 18. november 1942) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og professor emeritus i farmakologi (legemiddellære) ved Institutt for medisinsk biologi ved Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Tromsø. Han var rektor ved Universitetet i Tromsø frå 2002 til 2013, og var  leiar av Universitets- og høgskolerådet. Han var Arbeidarpartiets ordførarkandidat for Tromsø i kommunevalet 2015, og vart vald som varaordførar 14. oktober 2015. Ordførar Kristin Røymo er løyvd permisjon for å fungera som byrådleiar fram til 1. juli 2016, då formannskapmodellen vert gjeninnført etter fire år med byparlamentarisme.[1] I denne perioden ville Aarbakke fungera som ordførar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aarbakke vart etter examen artium frå Bergen Katedralskole, utdanna ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Han tok doktorgraden i Tromsø i 1978. I 1982 vart han professor ved Universitetet i Tromsø og dei neste 20 åra leidde han farmakologisk avdeling på universitetet, han vart overlege ved klinisk farmakologisk avdeling og deretter dekan ved det medisinske fakultetet.[2] Forskinga hans er særleg retta mot lækjemiddel som handsamar kreft og personleg tilpassa medikamentell handsaming. Han har publisert rundt 150 orginalarbeid og oversynsartiklar, i all hovudsak i internasjonale tidsskrift.

Etter oppfordring frå eit samla Storting, vart han i april 1997 oppnemnd av Sosial- og helsedepartementet til å leia eit utval («Aarbakke-utvalet») for å greia ut ulike sider ved alternativ medisin. Rapporten til utvalet resulterte i NOU 1998:21. Arbeidet til utvalet leidde òg til oppheving av "Kvakksalverloven" frå 1936, og gjorde at alternativ medisinsk verksemd vart teke inn i Lov om helsepersonell.

Rektor[endre | endre wikiteksten]

Aarbakke vart vald til rektor 1. oktober 2001 og tiltredde i januar 2002. Han vart attvald i 2005. Aarbakke var lenge ein forkjempar for å slå saman Høgskulen i Tromsø og Universitetet i Tromsø. Ein lang prosess kulminerte i 2008 med at Kunnskapsdepartementet godkjende samanslåing. Den nye sammenslåtte institusjonen, som heldt på namnet Universitetet i Tromsø, har fungert sidan 1. januar 2009. Jarle Aarbakke har sete to periodar som rektor for det gamle Universitetet i Tromsø og skulle eigenleg gå av 1. august 2009. Etter oppfordring frå valkomiteen stilte han likevel til val som rektor for det samanslåtte universitetet. Team Aarbakke, som bestod av Jarle Aarbakke, Curt Rice og Britt Vigdis Ekeli, vann valet 3. november 2008 med 51% mot 49% av røystene. Då han takka av som rektor 31. juli 2013, hadde han sete lengst som rektor ved eit norsk universitet nokosinne. Han hadde då leidd arbeidd med nok ein fusjon, og 1. august 2013 tredde fusjonen mellom Høgskulen i Finnmark og Universitetet i Tromsø i kraft, og UiT Noregs arktiske universitet var eit faktum.

Jarle Aarbakke har vore leiar for «ekspertgruppa for nordområda», nedsett av regjeringa Stoltenberg II. Leiinga av ekspertutvalet til regjeringa for nordområda skjedde i tett samarbeid med utanriksminister Jonas Gahr Støre, og avtrykket av arbeidet finst i nordområdestrategien til regjeringa, presentert i Tromsø 1. desember 2006, seinare i Nordområdemeldinga frå regjeringa Stoltenberg II november 2011. Nokre konkrete resultat har vore regjeringa sin stragegi for marin bioprospektering, BarentsWatch til Tromsø og Vardø, Regionale forskingsfond, og Barents 2020-midlar på årlege statsbudsjett med føringer til bruk i Nord-Noreg. Nytt isgående havforskningsfartøy, nytt teknologibygg ved UiT, nytt MHII-bygg ved UiT. Det strategiske samarbeidet mellom Universitetet i Tromsø, Umeå universitet og Northern Federal Arctic University (NarFu) i Arkhangelsk og Oulu Universitet er òg eit resultat av dette arbeidet.

Han var nestleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR) frå 1. august 2005 til 1. august 2007, og var frå 1. august 2007 til 1. august 2009 leiar av rådet.[3] Frå 2011 er han nestleiar i Noregs forskningsråds hovudstyre.[4]

Ei undersøking gjennomført av Cicion viste at Jarle Aarbakke var den rektoren i høgare utdanning som hadde vore desidert mest i media i 2008.[5] Både i papiraviser og i nettmedia hadde Jarle Aarbakke svært mange fleire oppslag enn dei andre rektorane. I papirmedia hadde Aarbakke nesten tre gongar så mange oppslag som nummer to, Sigmund Grønmo.[6]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2014 vart Aarbakke utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for «innsats for forsking og utdanning i nord.»[7]

Verv[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste fagpolitiske verv:

  • Dekan, Det medisinske fakultetet, Universitetet i Tromsø, 1989-93.
  • Leiar av komiteane som la grunnlaget for farmasistudiet i Tromsø, 1986-87, 1993 og
  • 1995-96.
  • Styremedlem RiTø, 1992-2001.
  • Leiar av Regional komite for medisinsk forskingsetikk 1986-89.
  • Leiar av styringsgruppa for medisinsk forsking i Finnmark 1992-2001
  • Leiar av styringsgruppe for medisinsk forsking i Nordland 1987-2001
  • Leiar, seinare medlem, av Rådgivande utval for skadar og uhell på pasientar på RST frå 1980.
  • Leiar av programstyret for alternativ medisin, Noregs forskningsråd, 1995-98.
  • Medlem av styret i Den norske kreftsamskipnaden 1991-95.
  • Medlem av utval for statleg styring av sjukehusverksemd 1989-95 (Heløe-utvalet).
  • Leidde utvalet som greidde ut alternativ medisin (NOU 1998: 21(Aarbakkeutvalget)).
  • Leiar av forskingsutvalet Den norske kreftsamskipnaden frå 2000-2001
  • Medlem av styret for Universitetet i Tromsø frå 1999-2001.
  • Rektor og leiar av styret for Universitetet i Tromsø 2002-d.d. Gjenvalgt 2 gonger.
  • Leier styringsgruppa for fusjonsprosessen mellom Høgskulen i Tromsø og Universitetet i Tromsø 2006-2009
  • Gjennomførte Noregs første fusjon mellom ein høgskule og eit universitet, implementert frå 1.1.2009

Nasjonale og internasjonale verv

  • Leiar av Forskingsutvalet Universitets- og høgskolerådet (FU) 2002-2005
  • Nestleiar Universitet- og høgskolerådet (UHR) 2005-2007
  • Leiar av Universitet- og høgskolerådet 2007-2009
  • Leiar av Nordisk universitetssamarbeid (NU sin) 2008-2009
  • Medlem av Divisjonsstyret for store satsninger Noregs Forskningsråd 2002-2010 (to periodar)
  • Nestleiar hovedstyret for Noregs Forskningsråd 2011–ut 2014
  • Leiar av ekspertutvalet til regjeringa for nordområda 2006-2008
  • Medlem av nordområdeutvalet til Regjeringa 2010–2013

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå er dette Tromsøs ordfører - i noen få timer». Nordlys. 14. oktober 2015. Henta 14. oktober 2015. 
  2. Jarle Aarbakke Antipyrine and phenylbutazone as model compounds in the study of factors influencing drug oxidation Avhandling (dr. philos.
  3. UHR Rektor Jarle Aarbakke (UiT) valgt til ny leder i UHR Arkivert 2007-07-06 ved Wayback Machine. 23.05.2007
  4. Nytt styre i Norges forskningsråd 17.12.2010
  5. Universitetet i Tromsø: UiT-rektor mest synlig i media
  6. Universitetet i Tromsø: Statistikk fra Cision[daud lenkje]
  7. Utnevnelse til St. Olavs Orden