Jarlsberg Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jarlsberg Avis
TypeAvis
Grunnlagd1843
Nettstadhttps://www.jarlsbergavis.no/

Jarlsberg Avis, ofte berre kalla Jarlsberg, er ei avis som blir utgitt tre gongar i veka i Holmestrand i Vestfold.

Jarlsberg Avis kjem ut kvar tysdag, torsdag og laurdag og dekker først og fremst lokalnyheiter frå Holmestrand og Hof, sport og kultur. Lokalavisa har hatt ein jamn opplagsvekst i de seinare åra, og har ein husstandsdekning på vel 58 % i Holmestrand kommune. Avisa er eigd av Østlands-Posten i Larvik og er gjennom det ein del av mediekonsernet A-pressen. Avisa blir trykt i Larvik. Dagleg leiar og ansvarleg redaktør er Knut S. Evensen.

Jarlsberg Avis vart etablert i 1843. Sidan 2001 har avisa komme ut med eiga nettutgåve.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 3 007
2001 3 184
2002 3 212
2003 3 288
2004 3 356
2005 3 517
2006 3 647
2007 3 747
2008 3 830
2009 3 875
2010 3 916

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]