Jarnbaneskjene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jarnvegen: jarnbaneskjener med betongsviller på pukkstein.

Jarnbaneskjena er togets veg. Dette gjer at tog kan køyra. Ei jarnbane består normalt av to parallelle skjener (vanlegvis av stål), som oftast med eit underlag av tverrliggande sviller av tre eller betong. Svillene held skjenene fast i ein fast avstand kalla sporvidde.

Sporvidder[endre | endre wikiteksten]

Sporvidd er målet mellom dei parallelle skjenene. Denne må i dei fleste tilfella vera konstant, slik at toget ikkje sporar av. Det nasjonale jarnbanenettet i Noreg har ei sporvidd på 1435 mm, ei sporvidd som er kjend som normalspor Dersom sporvidda er smalare enn 1435 mm vert det kalla smalspor, i motsett fall heiter det breispor.

Leieskjener[endre | endre wikiteksten]

På enkelte jarnbanestrekningar (hovudsakleg over bruer) kan det vera eit ekstra sett med skjener i midten, desse vert kalla for leieskjener. Leieskjenene skal halda toget på plass i sporet i tilfelle ei avsporing. Dersom eit tog hadde spora av på ei bru utan leieskjener kunne det hamna så langt utanfor profilet at det i verste fall ramla i elva.

Profil og masse[endre | endre wikiteksten]

Jarnbaneskjener finst i ulike vektklassar. Di høgare massen er, di tyngre og raskare tog kan nytta sporet. Til gjengjeld er skjener med stor masse dyrare å anlegga. (merk: også andre forhold enn skjenemassen avgjer farten og massen til toget). Masseen til skjener vert oppgjeven i kg/m. Vanleg skjenemasse på norske hovudlinjer er 49 kg/m.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]