Jaroslavl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jaroslavl
Ярославль
Frelsarklosteret i Jaroslavl
Frelsarklosteret i Jaroslavl
Flagget til Jaroslavl Byvåpenet til Jaroslavl
Flagget til Jaroslavl Byvåpenet til Jaroslavl


Plassering
Jaroslavl is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Grunnlagd 1010
Borgarmeister Viktor Volontsjunas
Geografi
Flatevidd
 - By

205,37 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

604 000
  2 941 /km²
Koordinatar 57°37′″N 39°51′″EKoordinatar: 57°37′″N 39°51′″E
Høgd over havet 100 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 1500xx
Retningsnummer (tlf) +7 4852
Bilnummer 76
Nettstad: www.city-yar.ru

Jaroslavl (russisk Ярославль) er ein by sentralt i Russland og hovudstad i Jaroslavl oblast. Byen har 635 600 innbyggjarar (2002). Byen ligg ved elva Volga, om lag 280 kilometer nord for Moskva. Det gamle sentrumsområdet av byen vart i 2005 erklært som verdsarvstad av UNESCO. Jaroslavl er ein av byane i den såkalla gyldne sirkelen av russiske mellomalderbyar.

Jaroslavl skal ha blitt grunnlagt i 1010 av Jaroslav den Vise for å forsvara Kievriket mot trugsmål nordfrå. Han er fyrste gongen nemnt i 1071. I 1218 vart Jaroslavl senter for eit uavhengig fyrstedøme. I 1238 vart byen erobra og plyndra av mongolane. Det uavhengige fyrstedømet Jaroslavl vart i 1463 oppslukt av det ekspanderande fyrstedømet Moskva. På 1600-talet var byen den nest største i Russland, og under den polske okkupasjonen av Moskva i 1612 fungerte Jaroslavl som hovudstad. Under den russiske revolusjonen kom byen under sovjetisk kontroll allereie i oktober 1917. I juli 1918 vart eit kontrarevolusjonært opprør slått hardt ned av bolsjevikane. Frå 1936 er byen senter for Jaroslavl oblast.

Grunn morgontåke over Jaroslavl

I dag er Jaroslavl eit viktig industrisenter. Her finst mellom anna petrokjemisk fabrikk, dekkfabrikk, motorfabrikk og fabrikk for produksjon av syntetisk gummi. I byen er det mange institusjonar for høgare utdanning, Demidov universitet, polyteknisk universitet, Usjinskij pedagogiske universitet, medisinsk akademi og Internasjonalt universitet for handel og ny teknologi.

Byen er eit viktig transportknutepunkt, med fem jernbanelinjer, fire hovudvegar og elvehamn på Volga.

I Jaroslavl står Spaso-Preobrazjenskij-klosteret frå 1500-talet, og fleire 1600-tals kyrkjer.

Fotballaget Sjinnik Jaroslavl (også skrive Shinnik) spelte i 2005 i den russiske eliteserien. Laget har på ny kvalifisert seg for spel i eliteserien i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jaroslavl