Jasim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jasim
جاسم
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Izra-distriktet
Nahiyah Jasim
Høgd 747 moh.
Koordinatar 32°58′N 36°4′E / 32.967°N 36.067°E / 32.967; 36.067
Folketal 31 683  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Jasim
32°59′32″N 36°03′36″E / 32.992222222222°N 36.06°E / 32.992222222222; 36.06

Jasim (arabisk جاسم, òg skrive Jassem) er ein liten by i Izra-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria. Han ligg 41 kilometer nord for Daraa og nær byane Nawa i sør, Kafr Shams i nord, Inkhil i nordaust og al-Harra i nordvest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria hadde Jasim eit folketal på 31 683 i 2004.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Austromarriket var Jasim setet for ei monofysittisk kyrkje i 570. Han vart kontrollert og folkesett av ghassinidearabarar, eit vasallkongedøme under Austromarriket.[2] Det var fem kloster knytt til monofysittismen i byen.[3] Ghassanidekongen Nu'man var gravlagd mellom Jasim og nærliggande Tubna.[2]

Den arabiske historikaren frå 900-talet, al-Masudi, skreiv at Jasim høyrte til Damaskus og låg «mellom Damaskus og provinsen Jordan, i eit distrikt kalla al-Khaulan. Jasim ligg nokre kilometer frå al-Jabiya, og frå området Nawa, der beitelandet Job ligg».[4]

Jasim vart vitja av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi tidleg på 1200-talet under Ajjubide-dynastiet. Al-Hamawi skreiv at staden var kalla opp etter «Jasim, son av Irem ibn Sam (Shem) ibn Nuh (Noa) på tida då Babeltårnet vart øydelagd.» Han skreiv vidare at Jasmin var ein by i provinsen Damaskus langs hovudvegen til Tabbariyah.[4]

I 1596 var Jasim oppført i osmanske skattelister i Jaydur nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 28 hushaldningar og 14 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg og sommaravlingar.[5]

Mange av innbyggjarane i nærliggande al-Harra kom frå Jasim.[6] Byen er heimstaden til det arabiske folket al-Halqiyyin. Den arabiske sosialisteleiaren på 1900-talet, Akram al-Hawrani, kjem frå dette folket.[7] I 1870-åra noterte Palestine Exploration Fund seg at Jasim var ein av dei største landsbyane i regionen med 1 000 innbyggjarar fordelt på 215 hytter. The Fund rapporterte om fleire antikke ruinar, mellom anna steinkrossar frå bysantinsk tid.[8]

Den syriske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Jasim var ein av dei første byane som deltok i dei omfattande demonstrasjonane under det syriske opprøret mot regjeringa den 18. mars 2011.[9] Vidare massedemonstrasjonar vart rapporterte den 22. april.[10] Den 1. april 2012 vart fire soldatar frå den syriske hæren drepne i samanstøytar med Den frie syriske armeen til opprørssida.[11]

Under borgarkrigen øydela dei islamittiske opposisjonen statuen av den arabiske abbaside-diktaren Abu Tammam i Jasim.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Shahid, s.228-229.
  3. Shahid, p.184.
  4. 4,0 4,1 le Strange, 1890 s. 463.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 207.
  6. Palestine Exploration Fund, s. 190.
  7. Batatu, p.370.
  8. Palestine Exploration Fund, s. 194.
  9. Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01.
  10. syrisk protesters defy Assad concessions. The Daily Telegraph. 2011-04-22.
  11. Clashes in Syria kill 40 people: Monitoring agency[daud lenkje]. Times of India. 2012-04-01.