Jason Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°10′S 61°0′W
Jason Peninsula
halvøy
none  Plasseringa til Oscar II Coast på Den antarktiske halvøya.
Plasseringa til Oscar II Coast på Den antarktiske halvøya.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ellsworth Land
 - koordinatar 66°10′S 61°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Jason Peninsula is located in Antarktis
Jason Peninsula (Antarktis)

Jason Peninsula er ei stor halvøy på austkysten av Graham Land med fleire snødekte toppar. Ho stikk ut i Larsen isbrem og strekkjer seg frå eit smalt eid aust for Medea Dome og 42 nautiske mil utover til Cape Framnes. Halvøya vart først sett frå sjøsida den 1. desember 1893 av Carl Anton Larsen, som namngav ein av toppane «Mount Jason» etter skipet «Jason». Larsen var for langt unna for kartlegge området i detalj, men i 1902 observerte den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld området frå Borchgrevink Nunatak og rapporterte at toppane Larsen hadde sett ikkje var på fastlandet. Namnet «Jason Island» vart så nytta for halvøya, men i 1955 oppdaga Falkland Islands Dependencies Survey at det var ei stor halvøy.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jason Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).