Jaspis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaspis er ein ugjennomskinneleg kvarts eller kalsedon.
Namnet kjem frå gresk språk, men ordet vart bruka onnorleis i antikken enn no, då vart det bruka om grøne, gjennomskinnelege steinar.
Jaspis finst i mange nyansar, ofte flekket. Basismineralet er silisiumoksid, men i tillegg har jaspisen opp til 20 % andre stoff i seg, og det er dette som lagar dei ulike fargekombinasjonane. Einsfarga jaspis er sjeldan.