Javier Mascherano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Javier Mascherano
JMascherano.JPG
Personleg informasjon
Namn Javier Alejandro Mascherano
Fødselsdato 8. juni 1984 (30 år)
Fødestad San Lorenzo i Argentina
Høgd 174 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 14
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-05
2005-06
2006-07
2007-10
2010-
Argentina River Plate
Brasil Corinthians
Flag of England.svg West Ham United
Flag of England.svg Liverpool
Spania Barcelona
46 (1)
26 (0)
5 (0)
94 (1)
111 (0)
Landslag**
2004-08
2003-
Argentina Argentina OL-landslag
Argentina Argentina
18 (0)
98 (3)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 4. juni 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 4. juni 2014.

Javier Alejandro Mascherano (fødd 8. juni 1984 i San Lorenzo i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som spelar for Barcelona i spansk Primera Division, og som kaptein på Argentina sitt landslag.

Mascherano begynte karrieren sin i River Plate i Argentina. Han vann den første tittelen sin i 2003/04-sesongen, då River Plate vann den argentinske ligaen. I 2004 var han med på å vinna sommar-OL med Argentina. I 2005 gjekk han til Corinthians i Brasil, der han vann den brasilianske ligaen i den første sesongen sin. I 2006 drog han til Europa og Premier League-klubben West Ham United. Han var ikkje lenge der før han gjekk til Liverpool, først på lån, så permanent, for ein overgangssum på 18,6 millionar pund. I 2008 vann han ein ny gullmedalje i OL, som den første mannlege fotballspelaren sidan 1928 som har vunne to gullmedaljar i OL. I 2008 vart han utnemnt til landslagskaptein av den nye landslagstrenaren Diego Maradona. Han vart seriemeister i Spania for Barcelona i 2011 og 2013, vann den europeiske Meisterligaen med same klubben i 2011 og VM for klubblag same året.