Jazzgruppa Atomic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

For skimerket med same namn, sjå Atomic.

Atomic
Paal nilssen-love2.jpg
Paal Nilssen-Love og Ingebrigt Håker Flaten i 2004.
Sjanger Jazz
Aktive år 1999 -
Plateselskap Universal Records, Jazzland Records,
Nettstad www.atomicjazz.com
Medlemmer
Fredrik Ljungkvist (blåsarar)
Magnus Broo (trompet)
Håvard Wiik (piano)
Ingebrigt Håker Flaten (bass)
Paal Nilssen-Love (slagverk)

Atomic er ei svensk-norsk jazzkvintett som vart skipa i 1999. Atomic er ei rein mannsgruppe og består av tre nordmenn og to svenskar; alle erfarne jazzmusikarar. Platedebuten deira kom i 2001 med Feet Music. To år seinare fylgde dei opp med cd-en Boom Boom. Under utdelinga av Spellemannprisen 2003 vann Atomic i kategorien for jazz med denne siste plata.

I 2005 gav Atomic ut liveplata The Bikini Tapes som bestod av heile tre cd-ar. Plata inneheldt både nye komposisjonar, songar frå dei to førre platene, samarbeid med jazzgruppa School Days samt ei nyinnspeling av «Pyramid Song» av Radiohead. Fredrik Ljungkvist var hovudkomponisten på The Bikini Tapes. [1]

Neste studioalbum av Atomic fekk tittelen Happy New Ears! og kom i 2006. Igjen vart Atomic tildelt ein Spellemann i kategorien jazz, denne gongen under Spellemannprisen 2006. I 2009 gav Atomic ut ei ny liveplate, Retrograde som igjen er ei samling av tre cd-ar, med både gamalt og nytt stoff.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Feet Music
  • 2003: Boom Boom
  • 2005: The Bikini Tapes (live)
  • 2006: Happy New Ears!
  • 2009: Retrograde (live)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er omsett frå «Atomic (Band)» frå Wikipedia på tysk, den 5. april 2012.
    • Artikkelen viser til fylgjande bok som hovudkjelde: Richard Cook & Brian Morton: The Penguin Guide to Jazz Recordings, 8th Edition, London, Penguin, 2006 ISBN 0-141-02327-9


Fotnote[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]