Jean-Étienne Liotard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1773
La serveuse de chocolat (Sjokoladejenta), ca 1744, pastellpergament

Jean-Étienne Liotard (22. desember 170212. juni 1789) var ein sveitsisk pastell- og miniatyrmålar med internasjonalt ry. Han var både fødd og døydde i Genève.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Liotard var son til ein juveler. Han gjekk først i lære hos Daniel Gardelle i Genève, og frå og med 1723 hos Jean-Baptiste Massé og François Lemoyne i Paris. År 1736 reiste han til Firenze og Roma, der han arbeidde for pave Klemens XII og andre mektige oppdragsgjevarar, mellom anna kardinalar.

Liotard budde fire år, 1738-42, i Istanbul. Etter åra i Tyrkia gjekk han omkring i tyrkiske klede og skjegg, noko som gav han utnamnet 'den tyrkiske målaren'. Liotard spesialiserte seg på portrettmåling, både av eliten og sjangerportrett. 1742-44 heldt han til i Wien og laga eit portrett av keisarinna Maria Theresia og medlemmer av hoffet. Sjangerportrettet Sjokoladejenta frå ca 1744 er rekna som eit av Liotard sine hovudverk. Ei ung tenestejente vert framstilt i det ho skal til å servere heit sjokolade frå ein kopp av meissenporselen på eit japansk lakkbrett. Tradisjonelt høyrde eit bøhmisk krystallglas fylt med vatn til denne luksusdrykken.

Både i 1744 og 1753 besøkte han England, siste gongen måla han prinsessa av Wales. Han reiste til Holland i 1756, der han året etter gifta seg. Etter eit opphald i Paris, flytta han til Genève. Eit nytt besøk til England følgde i 1772, der han dei neste to åra var mellom dei som stilte ut hos Royal Academy of Arts. Her måla han i 1773 eit framifrå sjølvportrett av seg sjølv som gammal mann.

Liotard var ein svært allsidig kunstnar, og sjølv om ryet hans i stor grad er basert på elegante og delikate pastellteikningar, laga han særprega emaljearbeid, koparstikkgraveringar og glasmåleri.

Liotard vende tilbake til fødebyen i 1776. I 1781 publiserte han skriftet Traité des principes et des règles de la peinture. På sine eldre dagar måla han stilleben og landskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jean-Étienne Liotard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]