Jean-Baptiste Charcot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean-Baptiste Charcot
«Pourquoi Pas ? IV» som Charcot brukte på den andre Antarktisekspedisjonen sin 1908–1910

Jean-Baptiste Étienne Auguste Charcot (fødd 15. juli 1867 i Neuilly-sur-Seine i Frankrike, død 16. september 1936 til sjøs, utanfor Island) var ein fransk lege og polfarar.

Charcot var sjef for nerveklinikken ved La Salpêtrière-hospitalet ved det medisinske fakultetet i Paris og var tilsett ved Pasteurinstituttet.

Han leia den franske antarktisekspedisjonen som i perioden 1903–1905 utforska vestkysten av Graham Land med skonnerten «Français». Ekspedisjonen nådde Adelaide Island i 1905 og fotograferte Antarktiske Arkipel og Loubet Coast.

På ein ny ekspedisjon frå 1908 til 1910 med barken «Pourquoi-Pas?» utforska han Bellingshausenhavet og Amundsenhavet og oppdaga Loubet Land, Marguerite Bay og øya Charcotøya, som han kalla opp til ære for far sin.

Frå 1925 til 1936 forska han i austre Grønland og Svalbard.

Han var son av nevrologen Jean-Martin Charcot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]