Jean-Baptiste Greuze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Baptiste Greuze

Sjølvportrett, ca. 1785
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. august 1725
Tournus
Død

21. mars 1805 (79 år)
Paris

Yrke kunstmålar, teiknar
Språk fransk
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture
Jean-Baptiste Greuze på Commons

Jean-Baptiste Greuze (21. august 17254. mars 1805) var ein fransk kunstmålar, frå Tournus i departementet Saône-et-Loire.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Greuze studerte i Lyon og ved kunstakademiet i Paris. Han vart første gongen lagt merke til med sjangermåleriet Familiefar som les Bibelen for borna sine. Mot slutten av 1755 reiste Greuze til Italia, lengste tida oppheldt han seg i Napoli. Etter han kom tilbake til Frankrike i 1757 måla han italienske studiar, men heldt seg elles nært opp til rokokko-stilen.

Gitaristen, 1757

Greuze var ein banebrytar for sjangermåleriet, med forteljande innhald og moraliserande formål. Påverka av Denis Diderot søkte han i kunsten å lovprise dygd og gode seder. Han måla den gamle familiefaren som velsignar sonen og festmøya hans (L'accordée de village), faren som forbannar sonen sin og sonekona (La malédiction paternelle), og korleis desse begge angrande vender heim og finn faren liggjande død på sitt leie (Le fils puni). Alt saman er skildra med teatralsk oppstilling, djup sentimentalitet og store fakter.

Det programmessige i motivvalet til moral-måleria har vore sett som oppstylta og tomt, deklamasjon utan kjerne. Mest omtykt vart Greuze for dei unge jentene han måla med sjangerarta oppfatning, til dømes Den knuste krukka, Mjølkejenta og Enka. Med store undrande auge, svulmande lepper, kokett positur, alltid barbarma og bararma, er desse unge damene tiltrekkande nok, men naiviteten deira verkar meir spelt enn fullt ut truverdig.

Greuze måla gode portrett; som av Christoph Willibald Gluck, Saint-Just og av Napoleon som førstekonsul. Revolusjonen fann dygdene som Greuze måla for upassande, så då det nye hundreåret kom, hadde Greuze overlevd seg sjølv. Han hadde då gått tilbake til klassiske emne som skulle passe til den nye, alvorsfulle tida. Til og med prøvde han seg på motiv som Arbeidar som setter hakka i handa til sonen (1801), samstundes som han laga Den egyptiske Maria angrar. Så seint som 1804 stilte han ut på salongen.

Han døydde i Paris i 1805.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]