Jean-Claude Duvalier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Claude «Baby Doc» Duvalier (fødd 3. juli 1951) er ein haitisk politikar. Han var president frå 1971 til 1986.
Han etterfølgde faren sin, Francois Duvalier («Papa Doc»), som president på livstid i 1971, og begge desse styrde Haiti med eit reint terrorregime.
Etter ei folkerøysting i 1985 der han fekk gjennomslag for at tittelen som president på livstid skulle legitimerast, vart det store opptøyar på Haiti, og han måtte reise i eksil til Frankrike. Han skal òg ha teke med seg mesteparten av statskassen til landet i flukta.
Kjelde[endre]
- «Jean-Claude Duvalier» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 16. januar 2010.
| Føregjengar François Duvalier |
President i Haiti 1971–1986 |
Etterfylgjar Henri Namphy |