Jean-François Champollion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-François Champollion

Fødd23. desember 1790
Figeac
Død4. mars 1832
Paris
NasjonalitetFrankrike
OmrådeHieroglyf, historie, språkvitskap, egyptologi
Yrkeegyptolog, universitetslærar, lingvist, arkeolog, filosof, epigrapher, professor, forfattar, entomolog, klassisk filolog
InstitusjonarCollège de France
Universitetet i Grenoble
Alma materUniversitetet i Grenoble
Collège de France
Institut national des langues et civilisations orientales
Lycée Stendhal
DoktorgradsrettleiarAntoine Isaac Silvestre de Sacy
EktefelleRosine Blanc
MedlemSociété asiatique
Académie des inscriptions et belles-lettres
Deutsches Archäologisches Institut
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det russiske vitskapsakademiet
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Accademia delle Scienze di Torino
Académie delphinale
Accademia delle Arti del Disegno

Jean-François Champollion (23. desember 17904. mars 1832) òg kalla Champollion le Jeune (Champollion den yngre) var ein fransk egyptolog, kjent for å ha dechiffrert dei egyptiske hieroglyfane. Han skal ha sagt: «Je suis tout à l'Égypte, elle est tout pour moi» («Eg skuldar Egypt alt, Egypt er alt for meg»).

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Champollion var ein framifrå elev då han gjekk på skulen. Han byrja tidleg å interessera seg for språk og hadde lært seg latin då han var ni år gamal, hebraisk då han var tretten år og arabisk då han var femten år. Han studerte fyrst på heimstaden Figeac i departementet Lot og seinare i Grenoble. Då han gjekk på ungdomsskulen byrja han å interessera seg for dei egyptiske hieroglyfane og ved hjelp frå bror sin, Champollion-Figeac, klarte han å skaffa seg ein kopi av inskripsjonane på rosettasteinen, der den same teksten var skriven på tre språk: med hyeroglyfar, demotisk og gresk. Jean-François skjøna at for å tyda dette språket som ikkje hadde vore i bruk på hundrevis av år var det naudsynt å studera liknande språk. I 1808 flytta han difor til Paris for å studera koptisk og amharisk. Han skreiv til bror sin:

«Eg gjer ikkje anna enn å studera koptisk. Eg vil forstå egyptisk like godt som fransk, for det er på dette språket arbeidet mitt med den egyptiske teksten lyt tuftast».

Han tok til med det langtekkjelege omsettingsarbeidet før 1807. I 1808 oppdaga han prinsippet som låg til grunn for ligaturane (grupperinga) til teikna. Basert på likskapen med ein av dei koptiske dialektane, hevda han at dei egyptieke hieroglyfane ikkje uttrykkte vokalar. I 1810 la han fram påstanden om at dei egyptiske hieroglyfane vart nytta både som ideogram (som uttrykkjer ein ide) og som fonogram (som uttrykkjer eit fonem). I 1812 la han fram ein teori om kronologien i skrifta, som gjekk ut på at kursiv hieratisk skrift var ein forenkla versjon av hieroglyfane.

På grunn av at han var bonapartist måtte Champollion i 1816 avbryta arbeidet sitt og flytta til Figeac, der han saman med bror sin utvikla eit pedagogisk prinsipp for undervisning i barneskulen. I 1817 drog han tilbake til Grenoble og gifta seg med Rosine Blanc.

Jean-François Champollion vart «professeur-adjoint» (førsteamanuensis) i historie, men heldt fram med studiet av dei egyptiske hieroglyfane. Etter å ha studert Daudebok-papyrusane var han i 1819 enda meir overtydd om at hieratisk skrift var ein forenkla versjon av hieroglyfane. I 1821 klarte han å dechiffrera dei fyrste kongelege inskripsjonane på rosettasteinen, mellom andre dei til Ptolemaios V. Noko seinare klarte han, ved hjelp av inskpripsjonar på ein obelisk og ein tospråkleg papytus, å tyda inskripsjonane til Kleopatra. Den 27. september i 1822 skreiv han eit brev til M. Dacier der han tok for seg bruken av hieroglyfane som eit fonetisk alfabet og korleis dette kunne nyttast i tydinga av hieroglyfane:

«Det er eit komplisert system der dei same teikna har både figurativ, symbolsk og fonetisk meining i den same teksten, til og med i same setninga; eg er mest freista til å seia i det same ordet.»

Det tok enda to år før Champollion publiserte Précis du système hiéroglyphique des anciens égyptiens[1], som resulterte i det nye vitskapelege fagfeltet egyptologi. Oppdagingane hans var kontroversielle i samtida og resulterte i mykje kritikk, spesielt frå Silvestre de Sacy, som hadde vore læraren hans. For de Sacy var det den koptiske teksten Hieroglyphica[2] som var «bibelen» på dette området. Denne teksten er omsett til fleire språk, mellom anna fransk[3], men er ikkje lenger av vitskapeleg interesse for egyptologar.

I 1826 vart Champollion utnemnd til konservator ved Louvre-museet, der han fekk ansvaret for dei egyptiske samlingane. Han klarte å overtala Louis XVIII til å kjøpa samlingane til den britiske konsulen i Egypt, M. Salt. Han klate òg å få tak i andre viktige samlingar. Det var òg Champollion som stod i brodden for å frakta den kjende obelisken i Luxor til Paris der den i desember 1833 vart plassert på place de la Concorde.

I perioden 1828—1830 leia han ein vitskapeleg ekspedisjon til Egypt, der han samla ei mengd med opplysningar og objekt. Då han returnerte til Paris i 1939 vart han vald til l'Académie des inscriptions et belles-lettres (Akademiet for inskripsjonar og skjønnlitteratur) og utnemnd til professor i «Antikkens Egypt» ved Collège de France. Han leverte tiltredarforedragert sitt i 1831. Men han hadde arbeidd så hardt at helsa hans tok til å skranta og den 4. mars 1832 døydde han i Paris, 42 år gamal. Han er gravlagt på Père Lachaise gravlund i Paris.

Grenoble, Figeac og Lattes har ungdomsskular som er oppkalla etter han og i Albi er eit universitet (Centre Universitaire Jean-François Champollion) oppkalla etter han.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Museum oppkalla etter Champollion[endre | endre wikiteksten]

  • Bandomsheimen hans i Figeac.
  • Maison Champollion i Vif i l'Isère, som høyrde til bror til egytologen.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Polomski, J. og Faltrept, G., Champollion, héritier du peuple Kagoth, l'Association des Collectionneurs de Figeac, 1990.
  • Hartleben, H., Jean-François Champollion - Sa vie et son œuvre - 1790-1832, Pygmalion, 1990.
  • Lacouture, J., Champollion, Une vie de lumières, , Grasset, 1988.
  • Jacq, C., Champollion l'Égyptien, Éditions du Rocher, 1987.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Champollion, J.-F., Précis du système hiéroglyphique des anciens égyptiens ou recherches sur les élémens premiers de cette écriture sacrée, sur leurs diverses combinaisons, et sur les rapports de ce système avec les autres méthodes graphiques égyptiennes, Impr. Royale, Paris, 1828.
  2. Horapollon, Hieroglyphica.
  3. van de Walle, B. og Vergote, J., Traduction française des Hieroglyphica d'Horapollon, 1943.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Jean-François Champollion ved Wikisource.