Jean-François Millet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-François Millet

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 4. oktober 1814
Gruchy i Gréville-Hague
Død

20. januar 1875 (60 år)
Barbizon

Yrke gårdsarbeider, kunstmålar, gravør, bygningstegner, fotograf, grafikar
Sjanger sjangermåleri, landskapsmåleri
Medlem av Barbizon-skulen
Ektefelle Pauline Virginie Ono-dit-Biot, Catherine Marie Joseph Lemaire
Born Marie-Rosalie Millet, Jean-François Millet
Jean-François Millet på Commons

Jean-François Millet (4. oktober 181420. januar 1875) var ein fransk målar, ein av grunnleggarane av Barbizon-skulen. Han er særleg kjend for sine bilete av småbønder, verka hans vert rekna til stilretningane naturalisme og realisme. Gjennom å bringe kroppsarbeidet inn som motiv i kunsten, og behandle det med uttrykksfull realisme, står Millet fram som ein av dei klassiske målarane av det 19. hundreåret.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Såmannen, 1850
Mannen med hakka, 1863

Millet var bondeson frå Gruchy i Normandie. Han var utdanna agronom før han byrja studere i Cherbourg under målaren Lucien-Théophile Langlois, ein elev av Antoine-Jean Gros. Frå 1837 budde han i Paris, der han med eit stipend gjekk i lære hos Hippolyte Delaroche. Utan økonomiske midlar sleit han han i fleire år med å gjere seg gjeldande som målar. Han levde av å måle portrett og bilete i stilen til Antoine Watteau og François Boucher.

Inspirert av Honoré Daumier kom det kunstnariske omslaget i 1848. Den franske staten kjøpte då måleriet Kornreinsaren, eit måleri som vart synt fram på den såkalla Salongen. Frå då av var Millet den omsynslaust ærlege skildraren av arbeidslivet på landsbygda. I Paris hadde han vorte venn med dei fremste målarane innanfor nyare fransk landskapskunst; folk som Camille Corot, Théodore Rousseau og andre frå Barbizon-skulen. År 1849 flytta han, påverka av dyremålaren Charles Jacques, til landsbyen Barbizon ved Fontainebleauskogen og busette seg der for så å seie resten av livet.

Frå 1850-åra kunne Millet leve av kunsten sin, og det i ganske trygge kår. Robuste, realistiske bilete av den harde arbeidsdagen til bøndene, til dømes Aksplukkarane (Des Glaneuses) frå 1857, prega produksjonen hans i åra framover. Mange oppfatta han som ein sosialistisk revolusjonær, sjølv såg han annleis på det. Bileta hans er sosialt bevisste, men meir fatalistiske enn politiske. Heilt fram til 1863 var han sterkt oppteken av levekåra til bøndene, noko verket Mannen med hakka er eit døme på. Måleriet forarga mange kritikarar, dei reagerte på den usminka realismen.

Etter 1863 vende Millet seg meir mot landskapsmåling, påverka mellom anna av den nære vennen Théodore Rousseau. Bilete som Vår (Printemps) frå 1868-73 kan sjåast som eit varsel om stilelement i impresjonismen. I sine seinare leveår, frå kringom 1865, laga Millet ein heil del pastellteikningar. Hans seine landskapsmåleri og teikningar med sitt mystiske lys nærma seg symbolismen.

År 1867 vart det på verdsutstillinga i Paris synt fram ei stor samling av verka hans. Året etter vart han riddar av Æreslegionen.

Millet døydde i januar 1875 i Barbizon, etter langvarige hoste- og migreneanfall. Han vart gravlagd på kyrkjegarden i Chailly-en-Bière, der også Théodore Rousseau ligg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jean-François Millet