Jean-François de Troy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-François de Troy

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 27. januar 1679
Paris
Død

26. januar 1752 (72 år)
Roma

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Medlem av Académie royale de peinture et de sculpture
Far François de Troy
Jean-François de Troy på Commons

Jean-François de Troy (27. januar 167926. januar 1752) var ein fransk målar og gobeleng-designer under rokokkoen, fødd i Paris. Han er i dag best kjend for sine lette, innsmigrande sjangermåleri med motiv frå livet til den franske eliten.

Han var av målarslekt, faren François de Troy (1645–1730) var ein etterspurd portrettmålar. Faren var den fyrste læremeisteren hans, og den som kosta på han den fyrste reisa til Italia. Troy budde i Roma frå 1699 til 1706, men under opphaldet besøkte han også mange av dei norditalienske byane.

Tida avdekker sanninga, 1733
Østersmåltidet, 1735

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Troy bygde, i hovudsak, sin suksess som målar gjennom store komposisjonar over historiske og allegoriske emne, til dømes Tida avdekker sanninga frå 1733. Ettertida har i staden rosa han for dei mindre, kammers-store og meir åndelege scenene med elegant selskapsliv. Desse måla han i Paris mellom 1725 og 1738, då han atter reiste til Roma.

I etterhand av den suksessen Antoine Watteau hadde med sine måleri, kom det ei bylgje av målarar som tok etter motiva og stilen til Watteau. Troy sine bilete, særleg Varselet, eller guvernante Fidèle frå 1723, er mellom dei aller beste av desse.

Mellom 1724 og 1737 arbeidde Troy på oppdrag for Versailles og Fontainebleau. Han gav form til to sett med biletteppe til gobelengar, begge over sju tema, namnleg Esters historie (1737–40) og Historia om Jason (1743–46).

Han var ein allsidig målar og gjorde tableaux de modes-bileta kjende, samstundes som han måla historier og mytologiar i ein fargerik og glidande stil som minner både om Paolo Veronese og Peter Paul Rubens.

I 1738 vart han utnemnd til leiar av det franske akademiet i Roma og budde der resten av livet. Jean-François de Troy døydde i Roma 1752.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jean-François de Troy