Jean-Honoré Fragonard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Honoré Fragonard

Sjølvportrett, 1769
Statsborgarskap Frankrike, Kongedømet Frankrike (1791–1792)
Fødd 5. april 1732
Grasse
Død

22. august 1806 (74 år)
Paris

Yrke kunstmålar, grafikar, teiknar, illustratør, bygningstegner
Sjanger portrett, landskapsmåleri
Ektefelle Marie-Anne Fragonard
Born Alexandre-Évariste Fragonard
Jean-Honoré Fragonard på Commons
Lesande jente, c. 1776

Jean-Honoré Fragonard (5. april 173222. august 1806) var ein fransk målar og teiknar under rokokkoen. Ein stor del av verka hans syner fram ei lett og hedonistisk livinnstilling, ofte med innslag av tildekt erotikk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fragonard var fødd i Grasse i Frankrike. Han var elev av Chardin og Boucher. Mellom 1755 og -61 studerte han ved det franske kunstakademiet i Roma. Etter opphaldet i Italia flytta han til Paris. Der arbeidde han sidan for det meste utanfor dei etablerte akademiske krinsane. Han stilte sjeldan ut på salongane, han levde framfor alt av private oppdrag. Fragonard vart i 1793 til sjef for 'Musée des Arts', dagens Louvre.

Både som målar og teiknar var Fragonard mykje uttrykksfull. Han måla med stor virtuositet og i skiftande maner og teknikk. Særleg kjend er han for sine måleri av forelska par i parkar, til dømes Disse og Overraskinga, og av små hendingar ved hemmelege kjæleiksmøte, som Det stolne kysset. I dei fleste av Fragonards måleri, som Musikktevlinga, Flørten og Kjærleikens framsteg, gestaltar han elegant kledde kvinner i nonsjalante positurar, omgjevne av menn og englar, og ofte i eit grønkande miljø. Verka uttrykker lyst, kjærleik og kvinnenes kjenslemessige makt over mennene.

Fragonards fremste førebilete var 1600-talsmålarar som Rembrandt og Rubens i tillegg til Boucher og Tiepolo. I dei fleste av verka til Boucher står kvinna i sentrum, nett som i mange av bileta til Fragonard.

Jean-Honoré Fragonard døydde i Paris i 1806.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jean-Honoré Fragonard
  • Levey, Michael, Rococo to Revolution: major trends in eighteenth-century painting. London: Thames & Hudson 1992. ISBN 0-500-20050-5