Jean-Marc Nattier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Marc Nattier

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 17. mars 1685
Paris
Død

7. november 1766 (81 år)
Paris

Yrke kunstmålar, portraitist
Sjanger historiemåleri, portrett
Far Marc Nattier
Mor Marie Courtois
Born Sophie Challes
Jean-Marc Nattier på Commons

Jean-Marc Nattier (17. mars 16857. november 1766) var ein fransk rokokkomålar av portrett og landskap, fødd og død i Paris. Han er særleg kjend for sine tallause kvinneportrett.

Portrett av Madam Berthelot, 1739

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Madam Pompadour som jaktgudinna Diana, 1746

Nattier var son til ein målar, også mor hans dreiv med måling. Sjølv vart han lært opp av faren og ein morbror, allereie 18 år gammal vart han teken opp i det franske kunstakademiet. 25 år gammal vart han vide kjend for å ha laga teikningane til nokre populære koparstikk. I 1715 reiste han til Amsterdam og møtte tsar Peter den store, og måla portrett av tsaren og tsarinaen. Eit tilbod om å verte med til Russland, takka han nei til.

Dei neste åra arbeidde Nattier også med landskapsmåleri. I 1720 var han ein av dei som gjekk dundrande konkurs etter den økonomiske stats-kollapsen i Frankrike. Dermed måtte han konsentrere seg om den langt meir lukrative portrettmålinga. Gjennom fleire tiår var han portrettmålar for den franske eliten, med kongefamilien på toppen. Nattier er kjend for sine forfina, men gjenkjennelege portrett av unge kvinner, pg for å ha skapt mote med å nytte ein klassisk bakgrunn i portretta. Han utmerkte seg som ein meister i å gjengi glansen i ulike typar av tøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jean-Marc Nattier