Jean-Marie Gustave Le Clézio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean-Marie Gustave Le Clézio 2008

Jean-Marie Gustave Le Clézio (fødd 13. april 1940 i Nice) er ein fransk forfattar. Le Clézio debuterte med romanen Le procès-verbal. Han vart utnemnd til vinnar av Nobelprisen i litteratur i 2008.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jean-Marie Gustave Le Clézio hadde britisk far. Faren var lækjar og kom opphavleg frå Mauritius. Jean-Marie Gustave le Clézio blei fødd i Nice men flytta saman med familien til Nigeria då han var åtte år gamal. Faren hadde arbeidd i landet sidan den andre verdskrigen. To år seinare flytta familien attende til Frankrike. Le Clézio studerte engelsk ved Bristol University i slutten av 1950-åra, og heldt fram med å studere språk ved Institut d’etudes Litteraires i Nice og ved universitetet i Aix-en-Provence. Han tok doktorgraden i meksikansk historie i 1983 på universitetet i Perpignan. Le Clézio har òg arbeidd som lærar ved ulike høgskular i verda, mellom anna i Bangkok og i Mexico City.

Le Clézio har heile livet sitt vore på reisefot. Han har levd saman med ulike folkeslag. Dei første romanane var inspirert av Jean-Paul Sartre og Albert Camus, men òg av dei franske symbolistane. I fylgje Encyclopedia Britannica skriv Le Clézio apokalyptiske romanar som fortel om framandskap ansynes den teknologiske utviklinga.

For sin første roman, Le procès-verbal vart Le Clézio nominert til Prix Goncourt og vinnar av Prix Renaudot. I 1970-åra introduserte han den svenske forfattaren Stig Dagerman for franske lesarar.