Jean-Marie Leclair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean-Marie Leclair
Jean-Marie Leclair.jpg
Verkeleg namn Jean-Marie Leclair den eldre
Fødd 10. mai 1697, Lyon i Frankrike
Død 22. oktober 1764 (67 år), Paris
Instrument Fiolin
Periode Barokken
Sjanger Concerto og kammermusikk
Yrke Komponist og fiolinist

Jean-Marie Leclair l'aîné, òg kjend som Jean-Marie Leclair den eldre, (fødd 10. mai 1697 i Lyon, død 22. oktober 1764 i Paris) var ein fiolinist og ein komponist i barokken. Han vert rekna som grunnleggaren av den franske fiolinskulen. Brørne hans Jean-Marie Leclair den yngre (1703–77), Pierre Leclair (1709–84) og Jean-Benoît Leclair (1714-etter 1759) var òg musikarar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Leclair forlet heimbyen Lyon og studerte dans og fiolin i Torino. I 1716 gifta han seg med Marie-Rose Casthanie, ei dansarinne, som døydde kring 1728. Leclair reiste attende til Paris i 1723, der han spelte Concert Spirituel, den viktigaste halvoffentlege musikkserien. Av verka hans finn ein mange sonatar for fløyte og generalbass.

I 1730 gifta Leclair seg for andre gong. Den nye kona var gravøren Louise Roussel, som førebudde trykkinga av alle verka hans frå Opus 2 og frametter. Han vart kalla ordinaire de la musique av Ludvig XV i 1733, men Leclair sa opp i 1737 etter ein krangel med Guidon over kontrollen over musique du Roy.

Leclair vart så tilsett av prinsessa av Orange – som var ein flink cembalist og tidlegare student under Händel – og frå 1738 og fram til 1743 tente han tre månader årleg i hoffet hennar i den Haag som ein privat maestro di cappella. Han reiste attende til Paris i 1743. Den einaste operaen hans, Scylla et Glaucus, vart framført for første gong i 1746 og har vorte sett opp i moderne tider. Frå 1740 og fram til han døydde tente han hos hertugen av Gramont.

Leclair var ein kjend fiolinist og komponist. Han tok til seg alle dei nasjonale stilartane i Europa. Mange av suitane, sonatane og konsertane hans, samt operaen hans, har overlevd, medan nokre vokale verk, ballettar og anna scenemusikk er gått tapt.

Mord[endre | endre wikiteksten]

I 1758, etter at han skilde seg frå den andre kona si, kjøpte Leclair eit lite hus i eit farleg nabolag i Paris, der han vart funnen knivdrepen i 1764. Sjølv om mordet av han er eit mysterium, er det mogeleg at eks-kona hans var involvert for å få pengane hans, men den største mistanken er retta mot nevøen hans, Guillaume-François Vial.

Om det var slektningane hans som ikkje tilgav at han hadde forlete familien, eller andre, så vart han knivstukken i ryggen rundt den 23. oktober 1764. Han var då så isolert frå omverda at han først vart funnen to månader seinare. Han vart funnen på golvet på rommet sitt og heldt den raude Stradivariusen sin inn til brystet. På overflata av fiolinen frå 1721 etterlet han seg ein mørk flekk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]