Jean-Victor Poncelet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean-Victor Poncelet (1. juli 1788–22. desember 1867) var ein fransk ingeniør, offiser og matematikar.
Han deltok i åtaket til Napoleon Bonaparte på Russland og sat to år i krigsfangenskap. Her utvikla han ideane til det matematiske hovudverket sitt om projektiv geometri, som har spelt ei grunnleggande rolle i utviklinga av moderne geometri. Det vart ført trykt i 1822 med tittelen Traité des propriétés projectives des figures.