Jean Bart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Mathieu Elias

Jean Bart (21. oktober 165027. april 1702) var ein flamsk sjømenn som hovudsakleg tente den franske krona som admiral og kaper.

Som ung tente Bart i den nederlandske marinen under admiral Michiel de Ruyter. Då krigen braut ut mellom Frankrike og Dei sameinte Nederlanda i 1672 gjekk han inn i fransk teneste. Sidan personar som ikkje var fødd inn i adelen på denne tida kunne bli offiserar i marinen, vart han kaptein for Dunkerque-kaperane. I denne stillinga synte han så stort mot at Ludvig XIV sendte han på eit spesialoppdrag til Middelhavet, der han utmerkte seg stort.[1] Han vart ein terror for den nederlandske marinen og ein alvorleg trugsel for handelen til Holland. Ved eitt høve braut han gjennom ein blokade, smadra fleire fiendtlege skip og frakta mykje korn trygt til Dunkerque.[1] Han steig raskt i gradene til kaptein og så til admiral.[2]

Han oppnådde stor suksess under niårskrigen (1688–1697). I 1689 vart han likevel kapra av engelskmennene og i lag med Claude de Forbin vart han ført til Plymouth. Men tre dagar seinare klarte han å rømme til Bretagne i lag med 20 andre sjømenn i ein robåt. Han oppnådde stor suksess i kamphandlinga den 29. juni 1694, der han kapra ein stor konvoi nederlandske kornskip og redda Paris frå hungersnaud. I 1696 råka han nederlendarane i slaget ved Dogger Bank i 1696.

Freden i Ryswick (1697) avslutta den aktive tenesta hans. Han kapra totalt 386 skip og søkkte eller sette i brann mange fleire. Det vart reist ein statue i Dunkerque av han og han fekk eit torg kalla opp etter seg. I andre verdskrigen, då 70 % av Dunkerque vart øydelagd, overlevde statuen. Meir enn 27 skip i den franske marinen, over ein periode på 200 år, vart kalla oppe etter Bart, mellom anna ein fregatt som framleis er i teneste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mal:Cite NIE
  2. Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jean Bart