Jean Calvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |

Geistlege

biskop | pave | prest


Viktige personar

Nye testamentet:
Maria | Paulus
Mellomalderen:
Augustin | Gregor den store | Ansgar
Reformasjonen:
Jan Hus | Martin Luther | Jean Calvin | Ulrich Zwingli
Pietisme og lekmannsrørsle:
Pontoppidan | Hans Nielsen Hauge | Lars Levi Læstadius

Jean Calvin

Jean Calvin (10. juli 150927. mai 1564) var ein fransk-sveitsisk kyrkjereformator fødd i Noyon, Picardie.

Han var påverka av Martin Luther. Calvin drog bort frå Frankrike i 1534 på grunn av at han vart forfølgt og oppheldt seg deretter hovudsakleg i Genève i Sveits, der han døydde i 1564.

Kalvinismen lærer at Bibelen er Guds lov. Nokre menneske er forutbestemt av Gud til evig frelse, andre til evig fortaping. Guds majestet og forutbestemming er viktige delar av læra til Calvin.

Kalvinismen[endre | endre wikiteksten]

Læra til Jean Calvin spreidde seg til mange land, og går gjerne under nemninga kalvinisme. Kalvinismen vart det dominerande teologiske systemet i Skottland, Nederland og nokre delar av Tyskland. Han fekk òg innflytnad i Frankrike, Ungarn (særleg i Transsylvania som no er i Romania, og i område som no ligg nordaust i Ungarn), og i Polen. Eit fleirtall av dei første europeiske kolonistane på den midtre atlanterhavskysten til USA og i New England var òg kalvinistar, blant anna puritanarane og dei nederlandske grunnleggjarane av Ny-Amsterdam (New York). Sør-Afrika vart kolonisert av nederlandske kolonistar på 1600-talet; dei vart kjent som «boere» eller «afrikaanarar». Sierra Leone vart kolonisert av kalvinistar frå Nova Scotia. Nokre av dei største kalvinistiske gruppene vart etablert på 1800- og 1900-talet; særleg store er dei i Korea og Nigeria.