Jean Dubuffet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Signatur
Skulpturen Milord la Chamarre, 1974

Jean Philippe Arthur Dubuffet (31. juli 190112. mai 1985) var ein fransk målar og bilethoggar. Han er kjend for sine verk i enkle og gjerne irrasjonelle former, noko han sjølv kalla for Art Brut.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd og voks opp i Le Havre. I 1918 flytta han til Paris for å gå på Académie Julian, men slutta etter eit halvår for å studere vidare på eigenhand. Han var mykje oppteken av det som hende i verda, og gav opp kunsten ein periode frå 1924 til 1930, fordi «kunsten var død». Ved sidan av å arbeide i faren sin vinhandel, måla han litt innimellom, inntil han begynte for fullt i 1942. Første separatutstillinga hadde han i 1944. Han nærma seg surrealistane i 1948, og den såkalla patafysikken i 1954.

Påverka av Hans Prinzhorn si bok om kunsten til dei mentalt sjuke, lanserte Dubuffet omgrepet Art Brut på den kunsten som ikkje-profesjonelle outsiderar, som til dømes psykiatriske pasientar, fengselsinnsette og born laga. Han samla sjølv på slik kunst, verk av kunstnarar som Aloïse Corbaz, Alfredo Pirucha og Adolf Wölfli. Sjølv prøvde han å lage sin eigen kunst like uavhengig av normer som Art Brut, slik at arbeida hans framleis verkar primitive og barnlege.

Mange av arbeida hans er måla med oljefargar gjort til ein impasto, ved å sette til sand, tjøre og strå for å gje overflata ein særeigen tekstur. Frå 1962 avgrensa Dubuffet fargebruken til raudt, kvitt, svart og blått, og gjekk over til å nytte polyester til skulpturane som han då måla med vinylmåling. Han eksperimenterte også med musikk, og laga fleire innspelingar i lag med den danske målaren Asger Jorn tidleg på 1960-talet.

Dubuffet døydde i Paris i 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jean Dubuffet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]