Jean Heiberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jean Hjalmar Dahl Heiberg, kjend som Jean Heiberg, (19. desember 188427. mai 1976) var ein norsk biletkunstnar frå Oslo. Han arbeidde i fyrste hand med måleri, men også med bilethogging.

Frå 1905 budde Jean Heiberg i Paris og fekk der nære inntrykk av dei nye kunstretningane fauvisme og kubisme, og frå 1908 til 1910 var han som den fyrste av ei lang rekkje norske målarar elev hjå Henri Matisse. Før han flytta til Paris hadde han budd og studert i München, og før det hadde han fått utdanning i Oslo. I 1912 flytta han frå Paris og budde ei tid heime i Noreg før han reiste til Italia og var der i åra 1913-14. Frå 1919 og ti år framover budde han igjen i Paris. I åra mellom og etter desse lengre utlandsopphalda budde og arbeidde han i Noreg. Frå 1935 til 1955 var han lærar på Statens Kunstakademi i Oslo, frå 1946 var han også direktør der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]