Jean Metzinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean Metzinger, c.1912

Jean Metzinger (25. juni 18833. november 1956) var ein fransk målar. Stilen hans utvikla seg frå nyimpresjonisme via fauvisme til analytisk kubisme.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter fullført studenteksamen i heimbyen Nantes, reiste Metzinger tjue år gammal til Paris for å studere medisin. Etter eit tid avslutta han medisinstudiet, satsa i staden på å verte kunstmålar. Han vart kjend med målaren Robert Delaunay og diktaren Max Jacob og kom slik inn i krinsen rundt Guillaume Apollinaire. Sidan møtte han målarane i Bateau Lavoir, mellom anna med Georges Braque, Pablo Picasso og Juan Gris.

Metzinger gjorde seg etterkvart tankar om biletet som medium, og gav i 1910 ut skriftet Merknader om måleriet. Same året stilte han ut av sine verk i 'Salon des Indépendants', der han året etter stilte ut i lag med Delaunay, Albert Gleizes og Fernand Léger.

Ideane sine vidareutvikla Metzinger saman med Albert Gleizes, og i 1912 kom avhandlinga Du Cubisme. Boka vakte stor merksemd. På same tid var med å stifte 'Section d'Or', også kjent som 'Puteauxgruppa'. Han deltok på talrike utstillingar, slik som på 'Salon d'Automne' i 1911 og 1913, 'Galerie de la Boétie' i Paris 1912, 'Der Sturm' i Berlin i 1913, 'Berthe Weil' i Paris 1913 og 'Montross Gallery' i New York i 1916.

Han deltok i krigsteneste under første verdskrigen. Etterpå flytta han tilbake til Paris, der han stort sett budde resten av livet. Unnataket var ein periode i Bandol under andre verdskrigen. Han døydde i Paris, 75 år gammal.

Stilutvikling[endre | endre wikiteksten]

Han var først oppteken av den nyimpresjonistiske målestilen, og laga mellom 1905 og -08 mosaikkliknande fargemønster. Desse var hans første kunstnariske høgdepunkt, og danna ein overgang til dei seinare kubistiske bileta. Verka syner stor sans for klar orden i bileta, noko som går fram av korleis han konstruerte bileta sine.

Etterkvart vart bileta meir geometriserte og avdekker kontakten til Braque, Picasso og Gris. Allereie i arbeida frå året 1910 finn ein trekk som fører mot den analytiske kubismen. Frå 1920-åra og framover fjerna han seg noko frå kubismen.

Som representant for ein «degenerert målestil» vart han erklært entartet av naziregimet i Tyskland i 1937.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]