Jean du Casse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jean Baptiste du Casse, 1700

Jean Baptiste du Casse (164625. juni 1715) var ein fransk sjørøvar og admiral.

I ungdommen fekk han ikkje lov til å gå inn i den franske marinen fordi foreldra var hugenottar. Han gjekk då inn i slavehandelen med Compagnie de Sénégal, og segla mellom Afrika og Karibia. Med pengane han tente på slavehandelen kjøpte han eit skip i Saint-Domingue og kapra eit fullasta nederlandsk skip. Han segla til Frankrike og tilbaud halve byttet til krona. For dette vart han utpeikt til løytnatn i den franske marinen av Ludvig XIV.

I 1687 prøvde han å erobre Elmina; i juni 1689 gjekk han til åtak på Berbice og Fort Zeelandia i Surinam.[1]

I 1691 vart han utpeikt som guvernør på Saint Domingue, og fekk respekt hos sjørøvarane på øya. Dei neste månadane plyndra han engelske koloniar i nærleiken, mellom anna Port Royal som nettopp hadde vorte råka av eit kraftig jordskjelv.[2]

I 1697, under Baron de Pointis plyndra han Cartagena, men fekk ikkje femtedelen av byttet som han vart lova. Han segla så til Frankrike og kravde sin del frå kong Ludvig XIV personleg. Han og mennene hans fekk 1,4 millionar franc i kompensasjon. I tillegg vart han forfremma til admiral og slått til riddar i Saint Louis-ordenen.

I 1702 slo han John Benbow nær Santa Marta i det som er vorte kjend som kamphandlina i august 1702.

I 1704 kjempa han i avantgarden på «Intrépide» i slaget ved Vélez-Málaga.

I 1708, under spansk teneste, kommanderte han den spanske sølvflåten under den årlege reisa og tapte få mann. For dette fekk han ordenen av det gyldne skinnet, den høgaste utmerkinga ein kan få i Spania. I 1714 kommanderte han den franske flåten under omleiringa av Barcelona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]