Jeanne d'Arc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jeanne d’Arc)
Jeanne d'Arc

Miniatyr frå andre del av 1400-talet
Fødd6. januar 1412
FødestadDomremy i Lorraine i Frankrike
Daud30. mai 1431 (19 år)
DødsstadRouen i Frankrike
Yrkemilitær
Helgendag30. mai
VernehelgenRouen, Orléans og Frankrike, for telegrafi og kringkasting, for soldater
SymbolUng kvinne i rustning
Saligkåra11. april 1909 av Pius X
Helgenkåra16. mai 1920 av Benedikt XV
Helgen iDen katolske kirke

Jeanne d'Arc (januar[a] 141230. mai 1431) er ein fransk helgen og nasjonalheltinne.

Etter fleire religiøse syn i oppveksten tok ho sytten år gammal kommandoen over den franske hæren og kjempa mot engelskmennene i Hundreårskrigen. Ho vann fleire sigrar som gjorde at Karl VII kunne bli krona. Jeanne d'Arc leia hæren til ho blei teken til fange av burgundarane og overlevert til engelskmennene. Av desse blei ho dømd som kjettar og avretta ved å bli brend på bålet.

Jeanne d'Arc hadde gjeve ny styrke til Karl VII si side under Hundreårskrigen. Ho blei sett på som eit nasjonalt symbol for Frankrike, og blei seinare helgenkåra av den katolske kyrkja. Festdagen hennar er den 30. mai.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ho var anten fødd på eller dagen etter heilagetrekongarsdag, 6. eller 16. januar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jeanne d'Arc
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.