Jeanne d'Arc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jeanne d'Arc
Miniatyr frå andre del av 1400-talet
Martyr
Fødd 1412
Død 1431
Trussamfunn Den katolske kyrkja
Festdag 30. mai
Vernehelgen for Frankrike, soldatar, telegrafistar med meir
Jehanne signature.jpg


Jeanne d'Arc (januar¹ 141230. mai 1431) er ein fransk helgen og nasjonalheltinne.

Etter fleire religiøse syn i oppveksten tok ho sytten år gammal kommandoen over den franske hæren og kjempa mot engelskmennene i Hundreårskrigen. Ho vann fleire sigrar som gjorde at Karl VII kunne bli krona. Jeanne d'Arc leia hæren til ho blei teken til fange av burgundarane og overlevert til engelskmennene. Av desse blei ho dømd som kjettar og avretta ved å bli brend på bålet.

Jeanne d'Arc hadde gjeve ny styrke til Karl VII si side under Hundreårskrigen. Ho blei sett på som eit nasjonalt symbol for Frankrike, og blei seinare helgenkåra av den katolske kyrkja. Festdagen hennar er den 30. mai.

Joan parliament of paris.jpg
Med rustning og helgenglorie under kroninga av Karl VII. Måla av Dominique Ingres i 1854.

¹ Ho var anten fødd på eller dagen etter heilagetrekongarsdag, 6. eller 16. januar

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.