Jef Raskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jef Raskin (9. mars 194326. februar 2005) var ein amerikansk ekspert på menneske-maskin-grensesnitt. Han er mest kjend for å ha starta Macintosh-prosjektet hjå Apple Computer seint på 1970-talet og for skriveverktøyet Canon CAT (lansert i 1987).

Raskin vart fødd i New York by i 1943. Han utdanna seg innan matematikk og filosofi, og fekk ein mastergrad i datavitskap ved Pennsylvania State University i 1967. Det fyrste dataprogrammet han laga, eit musikkprogram, var ein del av avhandlinga hans.