Jeff Goldblum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeff Goldblum

Statsborgarskap USA
Fødd 22. oktober 1952 (71 år)
West Homestead
Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, filmprodusent, teaterskodespelar, skodespelar, pianist, jazzmusikar
Språk engelsk
Far Harold Leonard Goldblum
Mor Shirley Jane Goldblum
Ektefelle Emilie Livingston
Partnar Emilie Livingston
Jeff Goldblum på Commons
Jeff Goldblum om lag 1985.
Jeff Goldblum i filmfestivalen i Toronto i 2007.

Jeffrey Lynn «Jeff» Goldblum (fødd 22. oktober 1952) er ein amerikansk skodespelar som har spelt på teater, fjernsyn og film. Han har spelt fleire gonger på Broadway og vore Oscar- og Emmy-nominert.

Goldblum voks opp i West Homestead i Pennsylvania, ein forstad til Pittsburgh. Faren var lege og mora arbeidde i radio før ho seinare grunnla eit selskap som selde kjøkkenutstyr. Familien var ortodokse jødar.

17 år gammal flytta Jeff Goldblum til New York for å bli skodespelar. Han fekk opplæring av Sanford Meisner ved teaterskulen Neighborhood Playhouse og debuterte på Broadway i Shakespeare-stykket The Two Gentlemen of Verona. Goldblum filmdebuterte med ein mindre rolle i Death Wish, regissert av Charles Bronson, i 1974.

Goldblum har vore gift to gonger, først med Patricia Gaul frå 1980 til 1986, seinare med skodespelarkollegaen Geena Davis, som han også spelte saman med i tre filmar.

Utvalde filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.