Jeff Porcaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jeff Porcaro
Jeff Porcaro Toto Fahrenheit World Tour 1986.jpg
Jeff Porcaro på tommer under Fahrenheit-turneen til Toto i Blaisdell Arena i HonoluluHawaii, 10. november 1986
Verkeleg namn Jeffrey Thomas Porcaro
Fødd 1. april 1954(1954-04-01), South Windsor i Connecticut
Død 5. august 1992 (38 år), Los Angeles, California
Instrument trommer, perkusjon
Sjanger hardrock, pop rock, AOR, progressiv rock, jazz, jazz fusion[1][2]
Aktive år 1971–1992
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Toto, Sonny and Cher, Steely Dan, Boz Scaggs, Clover, Pink Floyd, Dire Straits

Jeff Procaro sig.jpg
Signaturen til Jeff Porcaro

Jeffery Thomas «Jeff» Porcaro (1. april 19545. august 1992) var ein amerikansk trommeslagar og låtskrivar. Han spelte i det Grammy-vinnande bandet Toto og var sjølv ein av dei som starta Toto. Han var ein særs mykje nytta studiomusikar[3] og arbeidde på hundrevis av album og tusenvis av innspelingar.[4]

Allmusic har skildra han som «utan tvil den mest respekterte trommeslagaren i rocken frå midten av 1970-åra til tidleg i 1990-åra», og skriv vidare at «det er ikkje å overdrive å sei at lyden av standard pop- og rocketrommer i 1980-åra var, til ein stor grad, lyden av Jeff Porcaro».[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Porcaro starta å spele som 7-åring, og lærar var faren Joe Porcaro. Det kom fort fram at han hadde ein heilt spesiell god sans for rytmar. Allereie som syttenåring hadde han den første framføringa si i Los Angeles. Etter dette byrja han som studiomusikar, og vart etter kvart ein av landets mest etterspurte studiomusikarar. I 1973 og 1974 var han assosiert medlem av Steely Dan, og medverka òg på to av albuma til bandet, Pretzel Logic og Katy Lied.

I 1978 starta han bandet Toto saman med Steve Lukather og David Paich. Seinare vart Bobby Kimball, David Hungate, Steve Porcaro og Mike Porcaro med i bandet.

Utanom Toto arbeidde han mykje som studiomusikar og har samarbeidd med mange av dei største namna i musikkhistoria som Paul McCartney, Dire Straits, Donald Fagen, Steely Dan, Rickie Lee Jones, Michael Jackson, Al Jarreau, George Benson, Joe Walsh, Joe Cocker, Stan Getz, Sérgio Mendes, Lee Ritenour, Christopher Cross, James Newton-Howard, Jim Messina, Barbra Streisand, Diana Ross, Eric Carmen, Eric Clapton, Miles Davis, Bruce Springsteen, Elton John , Larry Carlton, Seals & Crofts og David Gilmour. Porcaro spelte på fire songar på Michael Jackson-albumet Thriller, og på Dangerous-hitten «Heal the World».

Richard Marx dediserte songen «One Man» til han og sa at Porcaro var den beste trommeslagaren han nokon gong hadde arbeidd med.[5] Michael Jackson takka Porcaro i plateomslaget for albumet HIStory: Past, Present and Future, Book I i 1995.

Død[endre | endre wikiteksten]

Den femte august 1992 døydde Jeff Porcaro av eit hjarteinfarkt etter å ha inhalert eit giftmiddel mot insekt medan han stelte i hagen sin. Under obduksjonen vart det avdekt ein tidlegare ukjend hjartefeil hos Porcaro. Han døydde i ein alder av 38 år. Det kom 1 500 menneske i gravferda hans. Blant desse var medlemmane av Toto, og dessutan mange artistar han hadde jobba med.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Toto[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Steely Dan