Jefferson Airplane Takes Off

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jefferson Airplane Takes Off
Studioalbum av Jefferson Airplane
Språk engelsk
Utgjeve 15. august 1966
Innspelt 18. desember 1965 – 31. mars 1966
Studio RCA Victor's Music Center of the World i Hollywood i California
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock, psykedelisk folk[1]
Lengd 29:19
Selskap RCA Victor
Produsent Matthew Katz og Tommy Oliver[2]
Jefferson Airplane-kronologi 
Jefferson Airplane Takes Off Surrealistic Pillow
(1967)


Singlar frå Jefferson Airplane Takes Off
  1. «It's No Secret»
    Utgjeve: Februar 1966
  2. «Come Up the Years»
    Utgjeve: Mai 1966
  3. «Bringing Me Down»
    Utgjeve: August 1966

Jefferson Airplane Takes Off er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane, utgjeve på RCA Victor i august 1966. Bandet hadde ei noko anna besetning enn den seinare «klassiske» besetninga, og musikken er meir prega av folkrock enn den hardare psykedeliske stilen som bandet seinare vart kjende for. Signe Toly Anderson var den kvinnelege vokalisten, medan Skip Spence spelte trommer. Begge forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og vart erstatta av høvesvis Grace Slick og Spencer Dryden.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjefane i RCA meinte at noko av teksten var for seksuelt ladd. Bandet måtte endra teksten i «Let Me In» frå «I gotta get in, you know where» til «You shut your door, now it ain't fair», og «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it's so funny». På «Run Around» måtte dei endra slutten av linja «Blinded by colors come flashing from flowers that sway as you lay under me» til «...that sway as you stay here by me». Med «Runnin' 'Round This World» insisterte sjefane at «trips» i linja «The nights I've spent with you have been fantastic trips» refererte til å ta LSD, sjølv om bandet insisterte på at det var vanleg slang. Sjølv om dei erstatta ordet med ein gitararpeggio, var ikkje RCA nøgd med dei seksulle konnotasjonane og nekta å ta med songen på albumet. Innspelinga kom ikkje ut før etter åtte år.[3]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk lite merksemd i pressa då det kom, sidan vanlege aviser vanlegvis ikkje dekte rockeutgjevingar, og rockepressa enno var i startfasen. Crawdaddy! omtalte albumet på framsida av utgåva som kom i januar 1967, med ei tre sider lang melding i magasinet av redaktøren Tim Jurgens. Han meinte albumet hadde «manglar» men likevel var «det viktigaste albumet i amerikansk rock» i 1966.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[5]
The Daily VaultB+[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Blues from an Airplane»Marty Balin, Skip Spence2:10
2.«Let Me In»Balin, Paul Kantner2:55
3.«Bringing Me Down»Balin, Kantner2:22
4.«It's No Secret»Balin2:37
5.«Tobacco Road»Clay Warnick[n 1]3:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Come Up the Years»Balin, Kantner2:30
2.«Run Around»Balin, Kantner2:35
3.«Let's Get Together»Chester Powers3:32
4.«Don't Slip Away»Balin, Spence2:31
5.«Chauffeur Blues»Lester Melrose2:25
6.«And I Like It»Balin, Jorma Kaukonen3:16
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Runnin' Round This World» (frå Early Flight)Balin, Kantner2:25
13.«High Flying Bird» (frå Early Flight)Billy Edd Wheeler2:17
14.«It's Alright» (frå Early Flight)Balin, Spence2:17
15.«Go to Her» (frå Jefferson Airplane Loves You)Kantner, Irving Estes4:09
16.«Let Me In» (frå Jefferson Airplane Loves You)Balin, Kantner3:31
17.«Run Around» (usensurert versjon)Balin, Kantner2:35
18.«Chauffeur Blues» (alternativ versjon)Melrose2:49
19.«And I Like It» (alternativ versjon)Balin, Kaukonen8:16
20.«Blues from an Airplane» (instrumental; gøymd spor)Balin, Spence2:10

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tobacco Road» er tilskriven Clay Warnick på plateomslaget, men vart skriven av John D. Loudermilk

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Tommy Oliver – produsent
  • Matthew Katz – manager, produsent
  • Dave Hassinger – lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
US Billboard 200[7] 128

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 426. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  2. «Jefferson Airplane: Recording Studio (Takes Off)». jeffersonairplane.com. 2010. Arkivert frå originalen 6. mai 2017. Henta 2. januar 2014. 
  3. Tamarkin 2003, s. 84.
  4. Tamarkin 2003, s. 87.
  5. Ruhlmann, William. Jefferson Airplane Takes OffAllmusic. Henta 9. juni 2019.
  6. Bowling, David (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Jefferson Airplane Takes Off». dailyvault.com. Henta 9. juni 2019. 
  7. "Jefferson Airplane Album & Song Chart History" Billboard 200 for Jefferson Airplane. Prometheus Global Media.