Jefferson City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jefferson City
by
Jefferson City, ved elva Missouri.
Land  USA
Areal 97,661381 km²
Folketal 43 228 (1. april 2020)[1][2]
Kart
Jefferson City
38°34′36″N 92°10′25″W / 38.576666666667°N 92.173611111111°W / 38.576666666667; -92.173611111111
Wikimedia Commons: Jefferson City, Missouri

Jefferson City er delstatshovudstad Missouri i USA, og hovudsete i fylket Cole County. Han ligg ved elva Missouri. Byen har 43 079 innbyggjarar (2010). Han er kalla opp etter den tredje presidenten av USA, Thomas Jefferson.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Missouri State Capitol Building

Byen blei peikt ut som ny delstatshovudstad då Missouri blei teken opp som eigen delstat i USA i 1821. Byen var først kalla Lohman's Landing, og eit forslag til nytt namn var «Missouriopolis», før ein blei einige om Jefferson City. Byen blei bygd opp spesielt med tanke på at han skulle vera delstatshovudstad, men fram til regjeringsbygningane stod klare fungerte St. Charles som hovudstad. Då delstatsforsamlinga flytta inn i 1826, budde det berre 31 familiar i byen. I 1833 brann capitol-bygningen, men fem år seinare var ein ny bygning ferdig.[3]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnadsutviklinga i Jefferson City:

År Folkesetnad
1840 1 174
1900 9 664
1910 11 850
1920 14 490
1930 21 596
1940 24 268
1950 25 099
1960 28 228
1970 32 407
1980 33 619
1990 35 481
2000 39 636
2010 43 079

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Explore Census Data – Jefferson City city, Missouri». Henta 22. desember 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. april 2014, henta 15. februar 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jefferson City