Jeffrey Amherst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeffrey Amherst

Fødd29. januar 1717
FødestadRiverhead
Død3. august 1797
DødsstadMontreal Park
Rangfeltmarskalk
EiningBritish Army
KonfliktarDen austerrikske arvefølgjekrigen
AdelstittelEarl Amherst, Baron Amherst

Jeffrey Amherst, baron Amherst (29. januar 17173. desember 1797) var ein britisk feltmarskalk som gjekk i militær teneste i 1731, deltok i den austerrikske arvefølgjekrigen i slaga slaget ved Dettingen, slaget ved Fontenoy og slaget ved Rocoux og vart forfremma til oberstløytnant. I 1758 vart han generalmajor og sjef for ekspedisjonen, som gjekk mot Ny-Frankrike i Nord-Amerika. Amherst tok same året festninga Louisbourg og vart så øvstkommanderande for heile det britiske armeen i Nord-Amerika. Han tok sjølv Fort Ticonderoga i 1759, medan James Wolfe tok Quebec. I 1760 erobra han Montreal, som overgav seg for den samla britiske hæren. Amherst vart utnemnd til generalguvernør i Britisk Nord-Amerika. I åra etter kom Amherst i strid med dei franskvennlege indinanarstammene (pontiackrigen), men han undervurderte fienden og fekk utretta lite.

Han vart tilbakekalla i 1763, og vart motteke i London, der tilbakeslaga i krigen mot indianarane ikkje var kjend, som ein helt som hadde erobra Canada. I 1772 vart han generalløytnant, fekk i 1776 peer-verde og vart i 1778 general. Lord Amherst vart i 1793 den ordinære øvstkommanderande for den britiske hæren, men som i dei siste åra i Canada, synte han dårleg leiarskap og vart tvungen til å trekke seg i 1795. Året etter vart han likevel feltmarskalk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]