Jegindø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jegindø
Geografi
Stad Limfjorden
Koordinatar 56°39′N 8°38′E

Areal 7,91 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Struer kommune

Demografi
Folketal 507 (2005)
Folketettleik 64 /km²

Jegindø er ei lita dansk øy i den vestlege delen av Limfjorden. Øya er ein del av Struer kommune (fram til 2007 Tryholm kommune).

Sjølve øya er cirka 6 kilometer lang og 3 kilometer bred. Ho har ingen høgdepunkt, skogar, vassløp eller vatn. Det samla areal er 7,96 km², og innbyggjartalet ligg på cirka 540.

Øya har ei kyrkje, ei hamn, ein skule, eit eldresenter, eit misjonshus og enkelte butikkar som bank og kjøpmann. Hovudnæringane er fiskeri og landbruk.